KURS: Sissel Buhaug, Bjørg Støffringshaug, Maren Inger Valaker, Børn Skalle, Lis Maria Munkvold, Sigrun Natvik, Astrid Bruheim, Patricia Seglem Lægreid, Oddrun Fredheim og Anne Sofie Aalen. Foto: Privat.  
KURS: Sissel Buhaug, Bjørg Støffringshaug, Maren Inger Valaker, Børn Skalle, Lis Maria Munkvold, Sigrun Natvik, Astrid Bruheim, Patricia Seglem Lægreid, Oddrun Fredheim og Anne Sofie Aalen. Foto: Privat.  

Fagleg påfyll for dei frivillige i Røde Kors 

Denne helga gjennomførte damene frå Årdal kurs i omsorg. 

Årdal: Opplæringskoordinator frå distriktskontoret i Førde, Lis Maria Munkvold, haldt laurdag omsorgskurs for dei frivillige i Årdal. 

Kurset varte i seks timar og vart haldt på sjukeheimen på Årdalstangen. 

– Veldig nyttig

I løpet av kurset fekk damene mykje tips om korleis dei skal førhalda seg til brukarane i ordninga som besøksvenner. 

– Me fekk mykje nyttig og fagleg påfyll, seier Patricia Seglem Lægreid frå Årdal Røde Kors. 

Dette er eit av dei fire kursa ein må ha for å få identifikasjonsmerke i Røde Kors. 

– Bjørn Skalle frå Lærdal var også med å hjalp Munkvold under kurset, seier Lægreid. 

Besøksvenner 

Årdal Røde Kors er besøksvenner i Seimsdalen, på Åbo, Årdalstangen og i heimane til brukarar. 

Les også: Får gode tilbakemeldingar på besøkstenesta

– Me lærte om grunnprinsippa og regelverket for besøkstenesta. Det er noko av det viktigaste me må kunne, seier Lægreid. 

Les også: Varmande gåve til sjukeheimen

 

Til toppen