SER MOT SOGN: Rektor Reidar Grønli for Fagskulen Sogn og FJordane innrømmer at dei har ein veg å gå for å nå Sogningane. Før helga var han på Campus for å presentere skulen.
SER MOT SOGN: Rektor Reidar Grønli for Fagskulen Sogn og FJordane innrømmer at dei har ein veg å gå for å nå Sogningane. Før helga var han på Campus for å presentere skulen. (Bilde: )

Fagskulen triplar studenttalet - ønskjer tettare tilknyting til Sogn

I år veks Fagskulen i Sogn og Fjordane frå 33 til 95 studentar. Men få av dei kjem frå Indre Sogn.

Sogndal: – Vi har lokalisering i Måløy og Førde, men ønskjer å vere ein fagskule for heile Sogn og Fjordane. Vi ser at lokaliseringa gjer at vi kanskje ikkje blir like mykje brukt i Sogn. Det er noko vi ønskjer å gjere noko med, seier rektor Reidar Grønli, sjølv ytresogning frå Høyanger.

Han seier dei vil ta initiativ til å få snakka med næringslivet i Sogn og få dei til å sjå fordelane med å bruke fagskulen. På sparken nemner han verksemder som Bilfinger og Hydro i Årdal som aktuelle kandidatar.

– Vi ønskjer gjerne å invitere dei med i eit samarbeid, seier Grønli.

Les også: Han kjem til Sogndal for å høyre om unikt barnehagesamarbeid

Skulen tilbyr yrkesretta utdanninger i fag som til dømes bygg, anlegg, maskinteknikk, elkraft, automatisering og psykisk helsearbeid. Nevenyttige fag det ikkje vil bli mindre bruk for i framtida.

Grønli viser til statistikk utarbeidd av Telemarkforsking som viser at ein tredel av den faglærte arbeidsstokken skal skiftast ut fram mot 2030.

– Det betyr at det er stort behov for å rekruttere nye fagfolk, seier Grønli.

Til toppen