FAIR PLAY: Leiar for fotballgruppa i Jotun er stolt over innsatsen til dommarane under Kongleriket-turneringa klubben arrangerte i slutten av august. Den gode dømminga sørga for at Jotun fekk månadens Fair play-pris frå NFF Sogn og Fjordane. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
FAIR PLAY: Leiar for fotballgruppa i Jotun er stolt over innsatsen til dommarane under Kongleriket-turneringa klubben arrangerte i slutten av august. Den gode dømminga sørga for at Jotun fekk månadens Fair play-pris frå NFF Sogn og Fjordane. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Fair Play-pris til dommarane i Jotun​

– Det er kjempeflott, spesielt med tanke på at dommarane ofte er ei utskjelt gruppe i fotballen, seier Henrik Rønningen.

Årdal: Leiaren for fotballgruppa i idrettslaget er stolt over prisen som dei fekk tildelt tysdag. 

Fair Play-prisen er ein pris som NFF Sogn og Fjordane deler ut kvar månad basert på innspel. Målet er å gjere fotballbana til ein betre stad å vere for store og små. 

Nettopp det var det mange som meinte at dommarane fekk godt til under Kongleriket-turneringa klubben arrangerte i slutten av august. Ekstra stas var det nok for dei unge og håpefulle at heile åtte spelarar frå førstelagstroppen til Årdal Fotballklubb bidrog som dommarar, noko dei får ein stor takk for. 

Viste i staden for å blåse

Det var trenarar i Lærdal IL som kom med det forslaget og grunngir det slik: 

«Me var veldig imponert over dommarane i Øvre Årdal. Dei gjorde ein god jobb på denne turneringa. Dei tok seg tid til spelarane og viste dei innkast, forklarte keeper at ho ikkje skulle gå inn i mål og utanfor 5-meteren utan å blåse av.

Sjølv dei yngre dommarane me hadde gjorde ein flott jobb og valte forklaring føre avblåsing i fleire situasjonar, noko som gav ei meir positiv oppleving for spelarane». 

Stolt

– Det er kjempemessig, spesielt med tanke på at dommarane ofte er ei utskjelt gruppe i fotballen, seier Rønningen, som er stolt over prisen.

– Det er kjekt at folk kjem med positive tilbakemeldingar. Ofte er me flinke til å gi beskjed når me ikkje er nøgde, men med ris må det også vere ros.

Han legg til at Jotun, som har stempelet som kvalitetsklubb, skal jobba vidare med å utdanne dommarar. Prisen gjer Jotun automatisk til ein kandidat til å få den årlege prisen som vert delt ut. 

Til toppen