STORT OPPDRAG: Falkeblikk har ambisjonar for deira neste store prosjekt, som er ein panoramafilm for Bremuseet i Fjærland.
STORT OPPDRAG: Falkeblikk har ambisjonar for deira neste store prosjekt, som er ein panoramafilm for Bremuseet i Fjærland. (Foto: Pressefoto)

Falkeblikk skal laga spektakulær panoramafilm for bremuseet

Det ferdige produktet skal bli synt fram på eitt av verdas største saumlause kinolerret. Budsjett: 10 millionar kroner.

Sogndal: – Dette er eit prestisjeprosjekt for oss, det første der me står for heile produksjonen til kinolerretet, seier Tore Friele Lie Falkeblikk i Sogndal, som har fått oppdraget å laga filmen.

Panoramafilmar er ekstremversjonen av widescreen-formatet. Lerretet er ofte krumma, og helst like breitt som sjølve salen, medan høgda er tilnærma normal. Filminga startar i haust, og det ferdige resultatet skal vera klart til 1. april 2020.

– Det er bra for oss at bremuseet vil satsa på oss. Det gjer at me kan utvikla oss vidare og få innpass i nye marknader. Det passar oss bra at det er ein naturfilm og at det er i området rundt Sogndal, seier Friele Lie.

HAR TRUA: Museumsdirektør John Brekke trur dei vil greia å overgå den 27 år gamle filmen Ivo Caprino laga i si tid. Foto: Birger Meland/NRK

Blant dei største saumlause kinolerreta i verda

– Me skal laga ein heilt eineståande film, lovar museumdirektør John Brekke.

Han fortel at temaet for naturfilmen vert den globale klimaendringa, illustrert gjennom endringane til Jostedalsbreen.

– Me filma breen i 1991, no skal me filma han på nytt. Breen har gått tilbake og no smeltar han meir og meir. Det går berre ein veg, diverre, seier han.

Det er ikkje berre filmen som vert ny. Òg kinosalen vil få ei oppgradering.

– Me kjem til å få eitt av dei største saumlause lerreta i verda, seier Brekke.

Har høge ambisjonar for filmen

I 27 år har panoramafilmen til Ivo Caprino vore ein viktig del av opplevinga på museet. No er den moden for å utskifting, meiner museumsdirektøren. 

Mannen bak den originale Flåklypa-filmen var ein meister til å gje publikum kjensla av å vera til stades midt i handlinga. I Flåklypa fekk du vera med Il Tempo Gigante rundt racerbana, i panoramafilmen til bremuseet fekk du oppleva korleis det er å fly over Jostedalsbreen.

– Den nye filmen kjem til å ha enno fleire slike effektar, slik at publikum blir heilt sugd inn i det, seier Brekke.

Dei som skal laga filmen har like store ambisjonar.

– Me reknar med at neste år blir slitsomt, for me må yta ganske mykje for å få dei beste klippa. Både teknisk og filmatisk så skal det overgå det meste som er gjort tidlegare av sånne produksjonar, seier Brekke.

Til toppen