FALLULUKKE: Ein person er skadd etter fallulukke i Aurland kommune, melder Helse Førde onsdag.
FALLULUKKE: Ein person er skadd etter fallulukke i Aurland kommune, melder Helse Førde onsdag. (Illustrasjon: Google Maps)

Kvinne flydd til Haukeland sjukehus etter luftsportulukke

Ei kvinne vart skadd i ei fallulukke med ein speedflyer i Aurland.

Aurland: Ein person er skadd i ei fallulukke i Aurland, melder Helse Førde onsdag. Meldinga kom 09:12. 

Trygve Ness, kommunelege i Aurland, seier til Sogn Avis at det er snakk om ei ulukke med eit speedflyer, som er ei slags miniatyrutgåve av ein paraglider. Ein speedflyer skil seg frå storebroren ved at farten er større og utøvarane nærare terrenget når dei flyg.

– Det var eit hardt fall. Det er neppe livstrugande, men det kan vera alvorlege skadar, seier Ness, som opplyser at personen som er skadd, er ei norsk kvinne.

Kvinna har blitt flydd til Haukeland Universitetssjukehus. 

Har du tips? Kontakt oss på tips@porten.no eller tlf: 90815045.

Til toppen