ULUKKE: Politiet tek bilete av veggen der klatraren datt ned frå 15 meters høgde.
ULUKKE: Politiet tek bilete av veggen der klatraren datt ned frå 15 meters høgde. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Mann henta med luftambulanse etter fall frå 15 meter i klatreveggen

Skal ha vore medviten etter ulukka. Politiet vil undersøka kva som gjekk gale.

Sogndal: Ein person vart laurdag frakta til med redningshelikopter til Haukeland sjukehus etter eit fall i klatreveggen i Sognahallen i Sogndal. 

Fallet skjedde i speedveggen, der det er installert eit system for sjølvsikring, ein såkalla auto-belay.

Politiet var laurdag på åstaden, der dei mellom anna tok bilete og avhøyrde vitner.

– Me vil prøva å finna ut om ulukka skuldast svikt i rutinar hos dei ansvarlege for klatreanlegget, eller menneskelege feil hos klatraren, seier Jorunn Furuheim ved Sogndal lensmannskontor.

Ifølgje politiet skal klatraren ha vore medviten etter ulukka. Dei kan ikkje seia noko meir om korleis det står til med mannen.

– Pasienten er teken med til sjukehus for ytterlegare undersøkingar der, seier Furuheim.

Har du tips eller bilete frå hendinga? Send på SMS til 907 03 711 eller på e-post til tips@porten.no.

Til toppen