BETRE: Thormod Gausdal, seksjonaleiar i Statens Vegvesen, meiner at det kunne vore fleire og betre kontrollar av dokument for å avdekka fleire tilfeller av falske førarkort. Her kontrollstasjonen på Håbakken i Lærdal. Illustrasjonsfoto
BETRE: Thormod Gausdal, seksjonaleiar i Statens Vegvesen, meiner at det kunne vore fleire og betre kontrollar av dokument for å avdekka fleire tilfeller av falske førarkort. Her kontrollstasjonen på Håbakken i Lærdal. Illustrasjonsfoto

- Falske førarkort har vorte eit problem

Statens vegvesen har under storkontrollar no i haust oppdaga at nokre sjåførar av store vogntog køyrer med falske førarkort. 

-Dette er blitt eit problem og er sjølvsagt alvorleg med tanke på trafikktryggleiken ute på vegane, seier Thormod Gausdal, seksjonsleiar i Statens vegvesen, i ei pressemelding. 

Det er blant dei utanlandske sjåførane Vegvesenet avslørar falske førarkort. I dag er 15 prosent av dei som køyrer norske vogntog køyrt av førarar frå andre land. Under den siste storkontrollen blei det full stopp for ein vogntogsjåfør som kom inn på kontroll i Seljestad. Sjåføren blei sporenstreks sendt tilbake til landet sitt.   

Betre kontroll av dokument

Kvar dag skriv kontrollørar i Statens vegvesen om lag fire meldingar til Politiet for ulike ting når dei gjer kontrollar langs vegen. I haust blei det skrive om lag fire meldingar til Politiet som går på falske førarkort. Gausdal meiner at det kunne vore fleire og betre kontrollar av dokument.

-Det er viktig at transportfirma som tilset sjåførar gjer ein grundig sjekk av førarkort og er forsikra om at rett kompetanse er på plass. Det skal sjølvsagt ikkje vere noko i vegen for å tilsette folk frå andre land, men vi veit at det er lett å kjøpe falske førarkort i utlandet, seier Gausdal.

Ta kontakt

Han seier at det er viktig at transportfirma tar kontakt med trafikkstasjonane for å få hjelp til å ta den viktige sjekken, eller så kan Vegvesenet kome på besøk å gjere ein kontroll for dei.

-Etter kvart som vi tar sjåførar med falske førarkort, jo meir veit vi kva vi skal sjå etter om vi har ein mistanke. Vi blir betre på dette og vi har metodar som er effektive, seier Gausdal, som legg til at dei også har avslørt falske førarkort i skranken på nokre trafikkstasjonar.

Til toppen