OVERFALT: To familiar frå Sogndal overfalt i Malaga. Ranaren er på frifot.
OVERFALT: To familiar frå Sogndal overfalt i Malaga. Ranaren er på frifot. (Foto: Gwen Fran / Flickr)

Familiar frå Sogndal brutalt rana i Spania

To familiar frå Sogndal vart overfalt i bustaden sin i den spanske feriebyen Malaga natt til måndag, då ein mannleg ranar braut seg inn. 

Malaga / Sogndal: Ei tenåringsjente vart dregen etter håret medan familiefar vart slått fleire gonger i hovudet med pistol skriv avisa. Det skriv NRK

– Eg vakna av at mannen stod over meg og skreik at han ville ha pengar. Han hadde ein pistol retta mot oss. Me hadde ikkje kontantar, så det vart litt styr, seier familiefaren til avisa. 

Avisa skriv at hendinga varte i 15 minuttar.

Ein mannleg ranar truga familien med våpenet og ordra dei til å gje frå seg verdigjentandar, medan han fleire gonger retta pistolen mot hovuda til familiane. 

Ranaren er endå på frifot etter å ha teke smykker og andre gjenstandar frå dei. Familiane trur han kan ha kome seg inn i huset via ei terrassedør, ifølgje NRK.

Politiet i Spania handsamer saka. 

 
Til toppen