STOR SKADE: Vatnet har gjort store skadar på privat eigedom, og minst èin familie får ikkje flytta tilbake til heimen sin. Foto: Anne Karin Skjær.
STOR SKADE: Vatnet har gjort store skadar på privat eigedom, og minst èin familie får ikkje flytta tilbake til heimen sin. Foto: Anne Karin Skjær.

Familie får ikkje flytte tilbake til heimen sin etter flaumen

Under eitt år etter at brann herja i Lærdal er det no enorme vassmengder som gjer store skader på veg og eigedom.

Som Porten.no skreiv tidlegare onsdag, har teknisk drift i Lærdal kommune vore på synfaring for å få oversikt over flaumen sine øydeleggjingar.

– Forelaupig er det ingen av dei kommunale bruene skada, men det er nokre stengde vegar, fortel oppsynsmann Søren Ørbeck Mo til Porten.no. Han reknar med at dei fleste vegane vil opne i laupet av dagen.

Store skader

Det er gått langt verre utover fleire av eigedommane. Tysdag kveld blei innbyggjarane på Ljøsne, Tønjum og Erdal evakuert etter at vasstanden steig kraftig på kort tid.

I likskap med dei som vart evakuert i Ålmennhagen i Utladalen i Øvre Årdal får dei no flytta heimatt, men éin familie får ikkje lov til det.

– Me har vore i kontakt med dei som er hardast råka. Éin familie kan ikkje flytta tilbake på ei god stund. To familiar ønskjer å flytta tilbake og vil få endeleg beskjed klokka 15.00 i dag, skriv Lærdal kommune i ei pressemelding.

Elles melder kommunen at det er starta arbeid med å opne fylkesveg 272 frå Bøabrui og nedover mot Håbakken. Det er venta at vegen skal opna utover ettermiddag. Dei som enno ikkje kan flytta tilbake er kontakta av politiet. 

I ei pressemelding som vart sendt ut klokka 14.00 skriv kommunen at tre personar har overnatta på alders- og sjukeheimen, medan ein familie kom inn der i dag. 

Grunna stoda har kommunen no felles legevakt med Aurland, og det har vore ein ekstra lege på vakt i Lærdal. 

Lærdal Energi melder at alle husstandar har fått tilbake straumen. Det står framleis att noko utbetringsarbeid på straumnettet ved utlaupet i Tynjadalen.

E16 open for fri ferdsel

Dei enorme vassmengdene gjorde sitt til at E16 måtte stengast i går. Den er no opna for fri ferdsel men med manuell dirigering. I Erdal er vegen open så langt det er busetnad.

Eit ras gjorde at vegen ut til Vindedalen var stengd, men der er ei køyrebane open. 

Ved utlaupet av Tynjadalen er fylkesveg 272 vaska ut, og vegen fram i Tynjadalen er vaska ut. Her har utbetringsarbeid starta. I Råsdalen har det gått ras og vegen er vaska vekk i Vindhella.

Fallande vassføring

I pressemeldinga legg også kommunen ved status på vassføring i elvar, og der er hovudbodskapen at samtlege vassdrag har fallande vassføring.

I Kuvelda har elva teke nytt laup og gjort stor skade på eigedommar, men arbeidet for å leia elva tilbake til normalt laup er starta.

Til toppen