Sogndal: Christer (37) har vore sakna i 10 dagar etter at han kom vekk frå turfølget sitt på Haukåsen måndag 9. mai.
– Vær snill og del slik at vi kan finne min bror, skriv søstera Gro Charlotte F. Sraidi i eit innlegg på Facebook der ho har lagt ved to bilete av Christer.
Les også: Ber om hjelp frå frivillige i søket etter sakna mann (37)
Porten har fått løyve frå familien til å publisere bileta og teksten som vart skriven i innlegget. Utover det, ønskjer ikkje familien å kommentere saka.
– Har ikkje språk

Det har vore pause i søket etter den sakna mannen sidan 14. mai og fram til onsdag 18. mai.
Politiet i Sogndal opplyser onsdag om at dei endå ikkje har starta opp igjen søket, men at dei skal ha møte om planen vidare torsdag morgon.
Les også: Vurdering av lege: – 37-åring er truleg omkomen
– Eg ber alle i området Haukåsen og Kaupanger om å ta ein ekstra kikk i alle uthus, hytter, garasjar, under tre og busker, hjelp oss å få Christer heim, skriv Sraidi.
Christer er lys i luggen, omlag 180 centimeter høg og veg omlag 80 kilo. Han var kledd i ei dongri kapribukse, utan klede på overkroppen den dagen han forsvann.
– Han har ikkje språk og er i utgangspunktet ikkje i stand til å ta vare på seg sjølv. Om du veit noko, ser noko eller finn han, ver så snill og ring politiet, avsluttar søstera.
Les også: Søk etter sakna mann (37) held fram
Telefonnummeret til politiet er: 02800.