Sogndal: I helga var over seksti familiar samla i Sogndal for å få ein velfortent pustepause frå kreftsjukdommen. Blant dei var ein familie frå nettopp Sogndal.
– Når du er i ein litt vanskeleg situasjon, er det alltid godt å vita at det er andre som strevar med det same. Me opplever mykje støtte i kvarandre. Og så er det kjekt å berre slappa av og vera sosial, me får bygga oss opp litt, seier Kari Malmanger.

Helg rik på aktivitetar
Sonen Olaus (5) blir behandla for akutt lymfatisk leukemi, ei form for kreft som angriper stamcellene i beinmargen.
– No er me ferdige med to år, og har eit knapt halvår igjen. No er han frisk og rask eigentleg, seier Malmanger.
Laurdagen var dei og resten av familiane på ein gard i Hodlekve, der dei fekk sitta på med snøskuter, ri på hest og klappa dyra som var der. Tidlegare på dagen hadde dei vore på besøk til brannstasjonen i Sogndal.
– Det er veldig kjekt at det er nokon som lagar til slike ting, seier Malmanger.
– Veit ho har det bra
Søstrene Selma Nathalie og Maria Madelaine Contreras Halvorsen kom heilt frå Bergen. Dei sette pris på det sjeldne gardsbesøket og sjansen til å ri på hest.

Ingen av dei har kreft sjølve, men for ikkje lenge sidan mista dei veslesøstra til sjukdomen.
– Eg synst det er koseleg å berre vita at me ikkje er åleine. Det er andre som har vore gjennom det same og det gir støtte, seier Selma.
Dei opplever at folk rundt dei og på skulen heime i Bergen har vore flinke til å støtta dei. Samstundes kan det for enkelte vera skummelt å nemna sjukdomen.
Sjølve finn dei trøst i overnaturlege krefter.
– Eg veit ho er på ein bra plass. Me er kristne, så me trur jo at me vil sjå ho igjen i himmelen og me veit ho har det bra, seier Maria.
Rørt initiativtakar
Initiativtakar Vegard Skjeldestad var eit einaste stort smil der han gjekk blant leikande og smilande ungar. Sist sommar sykla han og seksten venner Jotunheimen Rundt for å samla inn pengar til nettopp ei slik aktivitetshelg.
Han tykkjer det er fantastisk å sjå gleda hos familiar som til tider har hatt tøffe stunder.
– Fredag, då alle kom på hotellet, så sat eg der med ein klump i halsen. Ungane sprang rundt og hadde det kjempekjekt. Nokre av dei er skikkeleg sjuke, men dei lyser opp heile omgjevnaden. Det er heilt utruleg, seier han.
