SETERLIV: Margrethe Munthe skreiv «Å, jeg vet en seter» på Anestølen i Sogndal. Dette er éin av stølane som er opne for besøk. Foto: Willy Haraldsen / NTB scanpix.
SETERLIV: Margrethe Munthe skreiv «Å, jeg vet en seter» på Anestølen i Sogndal. Dette er éin av stølane som er opne for besøk. Foto: Willy Haraldsen / NTB scanpix.

Familieopplevingar til fjells

Å gå frå hytte til hytte er ein klassikar, men kvifor ikkje prøve noko nytt? Dei norske sommarfjella byr på alt frå moskussafari og seterferie til zipline og klatreturar for heile familien.

– Eg har spurt ekspertpanelet heime, døtrene mine, og dei var i det heile ikkje opptatt av stader. For dei handla det mest om tid: tid til å bade, til å spele kort i teltet, fiske, den slags. Så det er kanskje mitt beste tips: Kom dykk opp på fjellet, gjerne i telt, senk tempoet og ta ei overnatting ute, tilrår Mikkel Soya Bølstad. Han har skrive bøkene «Vill glede» og «Mikroeventyr».

Familien er meir turvand enn dei fleste, blant anna har dei gjort unna Noreg på tvers fire gonger: på sykkel, i kano, på ski og til fots. Sjølv om Bølstad meiner telttur er aktivitet god nok i seg sjølv, har han likevel fleire tips til fjellaktivitetar for barnefamiliar.

– Moskussafari på Dovre er fint for barn. Ta toget til Kongsvold og gå inn i Stroplsjødalen for å oppleve dei raggete innflyttarane frå Grønland, foreslår han.

Fiske og fjellsykling

Fjellfiske i bekker og elvar er eit anna tips frå Bølstad. Inatur.no har informasjon om fiskestader og fiskekort.

Artikkelen held fram under biletet.

FISKESPRETT: Mellom 1. januar og 20. august kan barn fiske overalt i ferskvatn gratis, unntatt i elvar som har laks, sjøaure og sjørøye. Mor og far må kjøpe fiskekort.
FISKESPRETT: Mellom 1. januar og 20. august kan barn fiske overalt i ferskvatn gratis, unntatt i elvar som har laks, sjøaure og sjørøye. Mor og far må kjøpe fiskekort.

– Vil du prøve deg på fjellsykling, kan du ta Krossobanen ved Rjukan opp på Hardangervidda og sykle grusvegen til Kalhovd turisthytte. For kanoturar vil eg tilrå nedre delen av Atna. Det er ei perle av ein kanoelv med mjuke svingar og gyllen sandbotn, skryt han.

Bølstad er ikkje åleine om å trekkje mot norsk natur om sommaren. I Turistundersøkinga 2015 oppgav 55 prosent av dei norske turistane at dei skulle oppleve natur i ferien, 27 prosent at dei skulle oppleve fjell. 32 prosent av dei norske turistane på noregsferie reiser med barn, så mange av fjelldestinasjonane veit å satse på barnefamiliane.

– 60–70 prosent av dei som kjem, er nordmenn, og mange av dei reiser med barn, så det er heilt klart ei viktig målgruppe for oss, seier dagleg leiar Martine Hårstad i Visit Jotunheimen.

Allsidig tilbod

Hårstad ramsar opp mange av dei familievennlege tilboda i Jotunheimen: Zipline over Prestfossen, fjellriding, gardar med dyr og overnattingsmoglegheiter, blåisturar, sommarskisenter, klatrepark og grottevandring i Dumdalen.

Artikkelen held fram under biletet.

HESTEDILLA: Mange aktørar tilbyr korte eller lange rideturar i fjellet for ryttarar på ulikt nivå.
HESTEDILLA: Mange aktørar tilbyr korte eller lange rideturar i fjellet for ryttarar på ulikt nivå.

– I tillegg er Jotunheimen sjølvsagt eit eldorado for dei som liker å gå tur med moglegheiter for alt frå korte turar til toppturar som litt større barn kan klare. Galdhøpiggen er ein klassikar. Det er rett nok sju års aldersgrense for å gå i taulag over breen, men turen er ikkje tyngre enn at dei fleste sjuåringar når toppen, seier ho.

Jotunheimen har òg ein eigen festival retta mot familiar, Camp Jotunheimen, der du kan ete god lokal mat og delta på ulike turar og aktivitetar.

For å oppleve friluftsliv i trygge omgivnader og med tak over hovudet, vel mange å oppsøkje hyttene og aktivitetane til Turistforeininga.

– Vi merkar at mange familiar ønskjer å halde på med friluftsliv – barn og unge er den medlemsgruppa i Turistforeininga som prosentvis aukar mest. Vi har no over 25.000 medlemmer under tolv år, seier fagsjef for Barnas Turlag, Kristin Oftedal.

Hyggelege fellesturar

Barnas Turlag har ikkje mindre enn 210 lokallag, og i feriane arrangerer dei fellesturar og familieleirar som både medlemmer og ikkje-medlemmer kan melde seg på.

– På familieleirane står éin eller fleire turleiarar for eit program som kan romme alt frå fotturar til spikking og matlaging på bål, seier Oftedal. Både barn og foreldre er med. Dette er ikkje eit tilbod om barnepass.

Artikkelen held fram under biletet.

GEITELYKKE: På fjellet kan barna få nærkontakt med beitande kyr, sauer, hestar og geiter. Fleire stader er det tilbod om variantar av seterferie med overnatting og rom for å delta i aktivitetane på setra.
GEITELYKKE: På fjellet kan barna få nærkontakt med beitande kyr, sauer, hestar og geiter. Fleire stader er det tilbod om variantar av seterferie med overnatting og rom for å delta i aktivitetane på setra.

– Poenget er at barn og vaksne skal få fine opplevingar saman, seier ho. Ho har sjølv hatt med barna på slike turar.

– Det er ikkje berre hyggeleg for barna, men for dei vaksne òg – ein blir gjerne godt kjent når ein er saman over fleire dagar, seier ho.

På nettsidene til Turistforeininga finn du tips til barnevennlege betente hytter.

– Desse hyttene har med unntak av Glitterheim bilveg heilt fram, fine turmoglegheiter rett utanfor døra og aktivitetstilbod som naturstiar og klatrejunglar, fortel ho.

Blir høgfjellsferie for ambisiøst, strekar Mikkel Soya Bølstad under at ein ikkje nødvendigvis må dra til dei klassiske, kjente fjellområda for å få fine opplevingar.

– Det kan vere vel så fint å finne eventyret i nærområda, seier han.

Alternative aktivitetar

Fjellferie er meir enn fotturar. Her er ein del av dei familievennlege aktivitetane den norske fjellheimen har å by på.

Safari

Du må ikkje til Afrika for å dra på safari. På Dovrefjell kan du prøve deg på moskussafari. Fleire selskap tilbyr guida turar her. Men safarimoglegheitene er langt fleire: Det finst selskap som tilbyr både beversafari, reinsdyrsafari, bjørnesafari og elgsafari.

Vassaktivitetar

Dei fleste raftingsentera har familierafting for barn frå 6–7 år og oppover. For barn frå 12 år er elvesnorkling eit eksotisk alternativ: Ta på våtdrakt, redningsvest, dykkarmaske og snorkel og gli nedover stille elvar.

Seterliv

På Inner Gammelsetra i Grøvudalen kan barna få sjå på dyra og delta i seterlivet. Håvardsrud Seterliv i Telemark tilbyr seterferie med overnatting, seterkost, mange dyr og høve til å sjå korleis mjølk blir til ost, rømme og smør. Fleire setertilbod finn du på Hanen.no.

Ta skiheisen

Mange skianlegg satsar på sommarturistane og gir familien høve til å ta heisen til topps, slik at dei slepp å sykle eller gå opp dei verste motbakkane. La heisen vere tur nok i seg sjølv, eller gå vidare innover i fjellet. Mange skianlegg tilbyr også sykkelutleige.

Rideturar

Mange stader er det tilbod om riding i flotte fjellområde, både korte turar og vekesleirar. Sjekk til dømes Rendalen Fjellriding, Dalseterstallen i Espedalen, Sulseter Rideleir, Hallingdal Fjellriding eller Hjerkinn Fjellstue & Fjellriding.

Familieleirar og festivalar

Fleire stader er det tilbod om helge- eller vekesopphald der ein kan delta i mange aktivitetar. Langedrag Naturpark tilbyr til dømes fire dagars familieleir der ein får stelle dei ulike dyra og dra på ridetur. Den Norske Fjellskulen på Rondeheim har familieferie med fotturar, sykling, rappellering, kanopadling og mykje meir. Barnas Turlag arrangerer også familiecampar mange stader i landet. Norsk Fjellfestival i Romsdalen 8.7.–16.7 har eit stort tilbod av aktivitetar for barn og ungdom.

Klatring

Mange selskap tilbyr familieklatring for vaksne med barn frå rundt fire år og oppover. Prøv til dømes Hemsedal Fjellsport eller Preikestolen Fjellstue. For klatring med enda lågare terskel finst såkalla klatreparkar mange stader, både i låglandet og på fjellet.

Brevandring

Mange firma tilbyr brevandringsturar tilpassa barn. Nigardsbreen, Bødalsbreen og Brenndalsbreen er blant breane der det blir arrangert familieturar.

(Kjelder: visitnorway.no, ut.no, aktivioslo.no, hanen.no)

(©NPK)

Til toppen