GRILL: BMW 2 serie Grand Tourer har dei typiske BMW-nyrene i grillen, men sjølve chassiset deler han med Mini. Foto: Jan Harry Svendsen.
GRILL: BMW 2 serie Grand Tourer har dei typiske BMW-nyrene i grillen, men sjølve chassiset deler han med Mini. Foto: Jan Harry Svendsen.

Familievennen

Du kan med fordel la køyreskoa og køyrehanskane liggje igjen heime. Denne BMW-en speler på familienære verdiar – og har sju sete.

For å komme seg inn i den aller bakarste seterada må du vere både smidig og mjuk. Ein kort augneblink var eg redd eg skulle bli fanga der bak – men så er heller ikkje desse to plassane laga for 185 centimeter lange gubbar. Her snakkar vi om to reine ekstrasete som er perfekte å trylle fram når minsten har bestemt at halve klassen skal vere med heim etter skulen – eller når du skal køyre store delar av fotballaget på trening eller turnering.

Lengre

BMW 2-serie Grand Tourer er den same bilen som 2-serie Active Tourer. Men han er lengre. Dermed får BMW plass til ein seterad til – og eit ekstra stort bagasjerom når dei to seta er klappa saman. Om vi samanliknar han med den 4.342 millimeter lange Active Tourer, er Grand Tourer 204 millimeter lengre, og han har ein akselavstand som er strekt ut med 110 millimeter. Det merkar du godt i baksetet.

Her er plassen gedigen, og det kjem godt med om du treng plass til bakovervende barnesete.

Men også bagasjeplassen har vorte større. BMW 2 serie Active Tourer svelgjer 468 liter, mens Grand Tourer tar 645 liter. Dermed er BMW 2-serie Grand Tourer eit openbert val for dei som treng plass og fleksible løysingar. Med nokre få handgrep kan du leggje seta ned, flytte dei fram og tilbake og altså også trylle fram to ekstra sitjeplassar.

Gode framsete

Om det er kronglete å ta plass på den aller bakarste seterada, er det mykje lettare å setje seg inn i baksetet. Dei lange dørene har god opning, og innsteget er lett. Isofix er på plass på dei to ytste plassane i baksetet, men ikkje på den bakre seterada og heller ikkje i midtsetet.

Artikkelen held fram under biletet.

TYPISK BMW: Førarmiljøet er oversiktleg og komfortabelt. Materiala held høg kvalitet.
TYPISK BMW: Førarmiljøet er oversiktleg og komfortabelt. Materiala held høg kvalitet.

Framme går det raskt å finne ei komfortabel køyrestilling. Rattet kan du justere sjenerøst både i høgda og i lengda. Seta i vår bil var sportssete. Åleine kostar dei 5.450 kroner – eller du kan leggje 47.200 kroner på bordet og få med seta som ein del av ein M-pakke. Det er ikkje noko kupp, sjølv om pakken inneheld større hjul og felgar, stylingdetaljar, dynamisk konstantfartshaldar og eit gripevennleg M-ratt.

Gløym M

Uansett kor mykje staffasje du puttar på BMW 220d xDrive, blir han ikkje sportsleg. M-merka ser fjollete ut på ein bil som først og fremst eignar seg til å frakte familien. Sjølv ikkje den kraftige dieselmotoren på 190 hk og 400 newtonmeter stimulerer lysta til å velje lengste vegen heim med denne bilen.

Sjølvsagt køyrer bilen godt. Han har føreseielege køyreeigenskapar, og grepet er det ikkje noko i vegen med. Firehjulsdrifta gir også bilen betre dynamikk enn du får i utgåva med framhjulsdrift. Men det høge tyngdepunktet gjer at bilen krengjer meir enn ein sportsleg 3-serie.

Artikkelen held fram under biletet.

I NØDSFALL: Treng du ekstra kapasitet, kan du slå opp ei tredje seterad. Både plassen og tilgangen er så som så.
I NØDSFALL: Treng du ekstra kapasitet, kan du slå opp ei tredje seterad. Både plassen og tilgangen er så som så.

Då er det betre å nyte komforten. For på det området er dette BMW slik vi kjenner dei. Førarmiljøet er oversiktleg, materiala gedigne og finishen høg. Den automatiske girkassa med den mjuke giringa gjer òg bilen lettkøyrd.

Ekstrakostnad

Som alt frå BMW har også 2-serie Active Tourer sin pris, og at ein må betale ekstra for viktige førarassistentar, er ikkje heilt i tida. Men bilen har også sine fortrinn samanlikna med konkurrentane: Den nye Volkswagen Touran, for eksempel, har sju sete, men kan ikkje leverast med firehjulsdrift. Det kan BMW gjere på 2-serie. Saman med merket i grillen vil nok mange familiar sjå på 2-serie Grand Tourer som eit interessant alternativ – sjølv om prisen er stiv. (©NPK)

Til toppen