TOK TUREN TIL OSLO FOR Å DEMONSTRERA: Både nestleiaren i Årdal kjemiske fagforeining, Andreas Bakken (t.v) og leiar Bjørn Øvstetun demonstrerte mot at Noreg skal slutta seg til EU sin energiunion. Arrangementet gjekk føre seg den 22. januar. Før demonstrasjonen lytta karane til forskjellige innleiarar på eit seminar på kulturhuset i Oslo. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
TOK TUREN TIL OSLO FOR Å DEMONSTRERA: Både nestleiaren i Årdal kjemiske fagforeining, Andreas Bakken (t.v) og leiar Bjørn Øvstetun demonstrerte mot at Noreg skal slutta seg til EU sin energiunion. Arrangementet gjekk føre seg den 22. januar. Før demonstrasjonen lytta karane til forskjellige innleiarar på eit seminar på kulturhuset i Oslo. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Tok turen til Oslo for å demonstrera mot ACER: – Me ser helst at krafta vert i Noreg og vert brukt inn mot den heimlege industrien

Fagforeininga si fane var med på å danne ei ramme kring politikarane og EU-motstandarane då dei heldt appellar mot EU sin energiunion framom stortinget.

Årdal: – Me ser helst at krafta vert i Noreg og vert brukt her inn mot den heimlege industrien, seier leiaren i Årdal kjemiske fagforeining, Bjørn Øvstetun.

Saman med nestleiaren i fagforeininga, Andreas Bakken, tok han turen til hovudstaden då det vart halde demonstrasjon mot ACER ved stortinget. ACER er EU sin energiunion.

RIGGA SEG KLARE: Det var ei lettvint oppgåve nestleiar Andreas Bakken (på biletet) og Bjørn Øvstetun hadde med å rigga seg klare til demonstrasjonen. So snart fanestanga vart festa til ein benk, var alt klappa og klart.  Foto: Bjørn Øvstetun

Noreg er førebels ikkje tilslutta han, men dersom regjeringspartia får det som dei vil, vert Noreg medlem.

Øvstetun og Bakken hadde med seg den staselege fana til Årdal kjemiske fagforening for å syna at heile deira foreining stiller seg bak motstanden mot unionen.

Bileta av fana deira, side om side med Slagsvold Vedum og andre leiande ACER-motstandarar, var fyrst å sjå i bladet FriFagbevegelse

Øvstetun: – Det er to hovudgrunnar til at Noreg bør halda seg utanfor 

Bjørn Øvstetun seier det er to grunnar til at Noreg må stå utanfor unionen. Det er faren for auka straumpris, og det han kallar den endå større faren for at me vil gje frå oss retten på evigvarande vassdragsressursar til overnasjonal storkapital. 

– Me har alt god straumutveksling med kontinentet i dag. Me har bygt ut kablar som knytter oss til andre land, og treng ikkje fleire. 

Øvstetun seier at kablane som er bygde i Noreg stort sett er eigde av storsamfunnet (Statkraft), og at dette sikrar oss at inntekter frå straumsal går tilbake til Noreg. Slik trur han derimot ikkje det vert verande om me tilsluttar oss ACER. 

ÅRDAL KJEMISKE FAGFORENING I BAKGRUNNEN TIL HØGRE: F.v. Kirsti Bergstø, fungerande leiar i Sosialistisk venstreparti, Trygve Slagsvold Vedum, leiar, Senterpartiet og Boye Ullmann, fagleg leiar i Nei til EU. Demonstrasjonen mot at Noreg skal slutta seg til EU sin energiunion ACER, vart avslutta av at Vedum heldt ein appell. Bilde: Leif Martin Kirknes [LO Media]

Fryktar konsekvensane om Noreg skal verta «Europa sitt batteri»

Øvstetun trur Noreg, om me går inn i unionen, vil enda opp med å drifta mykje av Europa med krafta vår, i staden for å bruka fossekraft på å halda i gong eigen industri. 

– Det er snakk om at me skal forsyna europa med straum, og Europa skal nytta fossane i Noreg som batteri. 

Øvstetun trur det vil føre til at me vert tvinga av den overnasjonale styringa til å byggja opp fleire straumliner. Kostnadene  fryktar han at vil verta fordelte på forbrukarane i landet i form av høgare nettleige. 

Ikkje nok med det, Øvstetun mistenkjer at også prisen på kilowattimar vil gå opp.

TALAR FRAMOM ÅRDALFANA: Roy Pedersen i Oslo LO.  Bilde: Leif Martin Kirknes [LO Media]

Han trur Noreg vil mista sjølvråderetten over prissetjinga og jamvel med naturressursane.

Dermed vil Noreg, i scenarioet han ser for seg, enda opp med å ha like dyr straum som landa på det europeiske kontinentet. 

– Det er ikkje rett at at eit ikkje-politisk styringsorgan i EU skal ha makt og mynde over norsk energipolitikk. Desse ressursane skal Noreg sjølv ha styr på i framtida, seier Øvstetun. 

Han meiner at verksemdene som opererer i industribygder som Årdal er avhengige av føreseielege straumprisar. Han fryktar for konsekvensene for industribygder som Årdal om Noreg vert med i energiunionen. 

Meiner grunnlova kan hindra Noreg i å koma med i unionen

BILETE TEKE AV FAGFOREININGSLEIAREN: Her er det Bjørn Øvstetun som har teke eit bilete av Bergstø, Vedum og Ullmann.   Foto: Bjørn Øvstetun

Eit parti som er splitta i sitt syn på ACER, er Arbeidarpartiet. Mange av toppolitikararane i partiet, som Espen Barth Eide, talar varmt om unionen, og ynskjer å sjå Noreg som medlem.

Andre framståande AP-politikarar er svært tydelege på at dei er i mot. Fylkesleiaren til AP i Sogn og Fjordane, Hilmar Høl, har gått ut i riksmedia og kalla det galskap  om Noreg sluttar seg til unionen.

Det er ikkje godt å vita om Arbeiderpartiet vil gå inn for å slutta seg til unionen. Gjer dei det, vil unionstilhengjarane alt i alt få eit klart fleirtal i Stortinget. 

Men Øvstetun prisar seg lykkeleg over at unionstilhengjarane treng meir enn berre fleirtal.  

APPELL FRÅ INDUSTRI ENERGI: Barbro Auestad frå Industri Energi heldt ein appell mot ACER, flankert av årdalsfana ho òg.  Bilde: Leif Martin Kirknes [LO Media]

– Dersom me skal avstå kontroll og sjølvråderett over naturressursane våre, ressursar som høyrer storsamfunnet til, so krevst det eit tre fjerdedels fleirtal i Stortinget for det. Slik er reglane i høve til grunnlova. 

Partia på Stortinget som hittil klårast har uttrykt motstand mot unionen, er Sp, SV og Raudt. 

Til toppen