FANGE RØMTE: Ein fange som skulle transporterast til Vik fengsel stakk av på Vangsnes ferjekai måndag kveld og er på rømmen. Foto: Google Maps.
FANGE RØMTE: Ein fange som skulle transporterast til Vik fengsel stakk av på Vangsnes ferjekai måndag kveld og er på rømmen. Foto: Google Maps.

Fange stakk av frå politiet

Tysdag morgon hadde politiet framleis ikkje sett snurten av fangen som stakk av måndag kveld. 

Vangsnes: Fangen i 20-åra stakk av frå politiet på ferjekaia på Vangsnes då han skulle transporterast til Vik fengsel.

Mannen, som vert skuldra som 175 centimeter høg med mørke klede og mørk hudfarge, var tynt kledd då han stakk av.

– Me har ingen opplysningar om at han skal vere til fare for ålmenta, seier Kai Henning Myklebust, operasjonsleiar i Vest politidistrikt til NRK.

Like etter 08.00 tysdag, skriv politiet at mannen har fått tak i varmare klede etter å ha stole arbeidsklede frå ein bustad i området Djupvikneset/gotevik.

Politiet ønskjer tips i saka.

Har du bilete eller tips? Send til tips@porten.no eller ring oss på 480 13 131.

 

Til toppen