BREV: I flaska som vart funnen i Seimsdalen låg det ein lapp om at posten skulle leverast vidare. Foto: Janne-Kristin Bjørkum. 
BREV: I flaska som vart funnen i Seimsdalen låg det ein lapp om at posten skulle leverast vidare. Foto: Janne-Kristin Bjørkum. 

Fann eigar av flaskepost 

Takka vera mykje delingar på sosiale medium, fann Janne-Kristin Bjørkum eigaren av flaskeposten som ho plukka opp i vannkanten i Seimsdalen. 

Årdal: Måndag fann Janne-Kristin Bjørkum tilfeldigvis ei flaska i vannkanten i Seimsdalen som innehaldt eit samankrølla papir. 

– Eg såg det låg ei flaska der og at det låg noko inni ho, seier Bjørkum. 

Etter å ha lese teksten som var skriven på lappen, delte ho bilete av innhaldet på Facebook og oppfordra folk til å dele innlegget slik at brevet kunne kome fram til rett person. 

Tok kontakt

Brevet var merka med datoen 24. mars 2016 - noko som kan tyda på at det vart skrive under årets påskeferie. Brevet var skrive på bokmål. 

"Hei jeg heter Dina. Vist du finner denne flaskeposten vil jeg at du skal gi den til Elvira Rensmoen, 2013 Skjetten. Hilsen Dina." Stod det i brevet. 

– Det ser ut som Dina var på påskeferie i Vikadalen. Ho er også frå Skjetten som ligg i Akershus fylke, seier Bjørkum. 

Under eit døgn etter at innlegget om flaskeposten var lagt ut på Facebook, tok Anette Rensmoen kontakt med Bjørkum og takka for at ho hadde funne flaskeposten. 

Innlegget vart delt 247 gonger på Facebook. 

Til toppen