Fann fyrstikkøskje på brannstaden: – Klart det er påsett - Porten.no
:
MISTENKELEG FUNN: Dette er fyrstikkøskja som vart funnen etter brannen på Dalaker, som starta like etter at brannvesenet hadde fått kontroll på flammane i Festingedalen.
MISTENKELEG FUNN: Dette er fyrstikkøskja som vart funnen etter brannen på Dalaker, som starta like etter at brannvesenet hadde fått kontroll på flammane i Festingedalen.

Fann fyrstikkøskje på brannstaden: – Klart det er påsett

John Ertesvåg er ikkje i tvil, dei seks brannane på Kaupanger dei siste to vekene har ikkje starta av seg sjølv.

Kaupanger: John Ertesvåg bur øvst på Dalaker på Kaupanger og drakk kaffi på altanen då han såg røyken.

– Eg kasta meg i bilen, og då eg kom fram var det to andre som dreiv og sløkte. Me fekk kontroll før brannvesenet var framme, seier han.

Brannen på Dalaker onsdag vart oppdaga kort tid etter at brannmannskapa hadde fått kontroll på flammane i Festingedalen ikkje langt unna på Kaupanger. Det var brann nummer fem og seks i området sidan 24. mai.

FØRSTE TILFELLE: Den første brannen på Kaupanger braut ut 24. mai. Då òg vart det funne ei fyrstikk i området.

Ikkje første fyrstikk-funn

Medan sløkkinga pågjekk fann dei ei fyrstikk i brannområdet, og dei såg sykkelspor i graset, både inn og ut traktorvegen. I dag var Ertesvåg tilbake for å visa funna til ein NRK-journalist. Då gjekk dei rett på ei fyrstikkøskje, femti-hundre meter frå der det brann.

– Det er heilt klart påsett. Det er berre å finna han som driv og leikar seg, seier Ertesvåg.

Det er ikkje første gong det er gjort slike funn. Til NRK seier skogeigar Anders Bjærke at han òg fann ei fyrstikk i vegkanten like ved den første brannen ved Skogly 24. mai.

– Eg er litt uroa. Eg trur det er ein person som ikkje forstår konsekvensane av dette. No har me vore heldige og klart å sløkka brannane tidleg, men det skal berre litt meir vind til, så ryk det meste av denne skogen med, seier Bjærke til NRK.

Ertesvåg har opplyst om funnet til politiet. Ertesvåg meiner dei burde vera meir på hogget for å finna det han meiner er gjerningspersonen.

– Dei kan ikkje sitta og venta på at det skal skje igjen. Det er livsfarleg med dei skogane me har på Kaupanger og så tørt det er no. Det er berre flaks at det skjer på ettermiddagen, seier han.

ALVORLEG: Regionlensmann Inger Lill Lanes seier dei tek brannane særs alvorleg. Foto: Halvor Farsund Storvik

Etterlyser handling frå politiet

Politiet i Sogndal etterforskar alle dei seks brannane. Regionlensmann Inger Lill Lanes stadfester at dei har fått melding om funnet av fyrstikkøskja, som moglegvis kan settast i samanheng med brannane.

– Me tek saka særs alvorleg. Det er stor brannfare og det skal lite til for at det får store konsekvensar. Me brukar tilgjengelege lokale politipatruljar i etterforskinga, og driv og samlar inn opplysingar, seier ho.

– Kva gjer de for å hindra nye brannar, viss det viser seg at me har med ein brannstiftar å gjera?

– Der må me ha publiumshjelp. Me ønskjer at folk som går tur i området har med seg auga, observerer og melder frå om dei ser noko mistenkjeleg, seier Lanes.

Politiet har i tilegg bedd alle bøndene i Kaupanger-området om å fylla gyllevognene sine med vatn, slik at dei skal vera i beredskap i tillfelle nye brannar.

 
Til toppen