Illustrasjonsfoto
Illustrasjonsfoto

Fann hund med lange øyrer som er glad i pølser

Solskinshistorie for hund som vart funnen i Sogndalsparken.

Sogndal: Politiet melde rett før klokka 20 onsdag kveld om funn av ein hund i Solgndalsparken. Ifølgje twittermeldinga var det snakk om ein liten gråsvart hund med kort pels på kroppen, men mykje pels rundt hovud og øyro. Øyro var dessutan lange, og hunden var glad i pølser, heitte det vidare i meldinga.

Såleis høyrest det ut til at hunden ikkje leid noko naud på lensmannskontoret i Sogndal. Og skildringa av hunden har tydelegvis fått eigar til å kjenna den att; alt klokka 2030 twitra politiet at eigar hadde meldt seg.

Til toppen