BRUTALT: I dag avslører familien til dei drepne det som truleg er hendingsforlaupet då trippeldrapet på Valdrekspressen skjedde.
BRUTALT: I dag avslører familien til dei drepne det som truleg er hendingsforlaupet då trippeldrapet på Valdrekspressen skjedde. (Foto: NTB/Scanpix.)

Fann lapp på gjerningsmannen etter trippeldrapet: – Min tur til å få hemn

Hittil ukjent bevis frå politietterforskinga gir innsyn i dei forvirra motiva som låg bak drapa på Valdresekspressen.

Årdal: Avisa BT har fått tilgang til sju permar med dokument frå etterforskinga av trippeldrapet på Valdresekspressen. Permane inneheld informasjon som tidlegare ikkje har vore offentleg kjent.

I ei nettsak (bak betalingsmur) avslører avisa detaljar om kva som skjedde i tida før drapsmannen gjekk ombord på bussen i Øvre Årdal i 2013. 

BREVET: Denne lappen vart funnen på drapsmannen etter ugjerninga. Foto: Politiet

Det aller siste han gjorde var å ringa bestevenen i Sveits. Dei to hadde vore på flukt saman i årevis, men hadde kome frå kvarandre.

– Han sa han heller ville døy enn å reise til Spania. Han var heilt desperat. Han sa at politiet kom til å henta han, at han ikkje visste kva han skulle gjera, seier John Koang i intervjuet med BT.

Me har vore i kontakt med lokale kjelder i Årdal, som ikkje ønskjer å kommentera dei nye opplysningane som kjem fram. Dei ønskjer å legga saka bak seg. Gjennom bistandsadvokat Maria Kirkeeide Ravnå har dei pårørande blitt varsla om tidspunktet for publisering av denne saka.

Drapsmannen: – Min tur til å få hemn

Begge hadde tøffe opplevingar med seg i bagasjen frå krigen i heimlandet Sør-Sudan. Koang fortel til BT at kameraten ofte klagde på smerter i nyrene og i hovudet, og at han høyrde stemmer. Likevel var det eit sjokk då han las om ugjerninga i ei sudansk nettavis dagen etter.

Eit foto frå politiet, som Porten.no òg har fått tilgang til, viser brevet som vart funne på drapsmannen etter gjerninga.

Teksten er usamanhengande, men skildrar sinnet han kjende over å bli sendt tilbake til landet han først søkte asyl i. «No er det min tur til å få hemn», skriv han. Brevet inneheld òg det som framstår som konspiratoriske tankar.

Den blivande drapsmannen kom til det nyoppretta asylmottaket i Årdal i august 2013. Då hadde han nyleg fått avslag på søknad om asyl i Sverige. Det tok ikkje lange tida før han fekk avslag òg her.

Saka kom aldri for retten

Den 4. november 2013 gjekk han ombord på Valdresekspressen i Øvre Årdal. Ikkje lenge etter drap han dei tre andre på bussen, sjåfør Arve Kvernhaug, og passasjerane Brahim Khoya og Margaret Molland Sanden. Ein uttale frå dei etterlatne frå 2015 skildrar det grufulle som skjedde.

Drapshandlingane skjedde i laupet av kort tid. Bussen bråstogga om lag 17.09 og stod stille i rundt seks minutt før han trilla bakover.

Drapsmannen slo dei tre drepne med sleggehammar før han brukte kniv. Ifølgje uttalen skal alle tre ha døydd raskt av skadane.

Saka kom aldri til retten, sjølv om drapsmannen vart rekna som tilrekneleg og skikka for fengselstraff. I september 2014 døydde han av skadane han pådrog seg då han hoppa frå eit tak i Bergen fengsel.

Til toppen