HISTORISK FUNN: Prosjektleiar for Kongevegen over Filefjell, Jan Adriansen, har gjort eit nytt historisk kartfunn som viser kor vegane gjekk på Vestlandet på 1700-talet. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen. 
HISTORISK FUNN: Prosjektleiar for Kongevegen over Filefjell, Jan Adriansen, har gjort eit nytt historisk kartfunn som viser kor vegane gjekk på Vestlandet på 1700-talet. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen. 

Fann nytt historisk kart hjå dronninga i Danmark

– Til saman kan ein nesten skrive om veghistoria og anna historie.

Lærdal: På jakt etter to kart som var omtalt i gamle brev, kom Jan Adriansen, prosjektleiar for Kongevegen over Filefjell, eit nytt historisk funn som viser kor vegane gjekk i Sogn og Fjordane på slutten av 1700-talet.

– Det er ei stund sidan me fann kartet, men me fekk ikkje lov til å bruke det utan dronning Margrethe sitt løyve. No har me fått lov, og det er veldig spennande, seier han.

Kan skrive om historia

Han har tidlegare vore med å gjera to unike kartfunn som viser kor Kongevegen gjekk. Desse karta er 30 år yngre enn funnet han gjorde no.

– Dei viser berre Kongevegen då den var ferdigbygd. Dette kartet er laga medan dei bygde, då arbeidarane dreiv på. Ein kan sjå kor dei hadde planlagt at vegen skulle gå og kor det var bygd. Til dømes vert det lokalt sagt at vegen i Vindhella vart bygd i 1793, men den var ikkje påtenkt ein gong då. Den kom på 1800-talet. 

Artikkelen held fram under biletet.

STILT UT: Kartet var forstørra og stilt ut slik at alle som besøkte Lærdalsmarknaden kunne sjå det i helga.
STILT UT: Kartet var forstørra og stilt ut slik at alle som besøkte Lærdalsmarknaden kunne sjå det i helga.

– Alle desse små detaljane kvar for seg er interessant, men til saman kan ein nesten skriva om veghistorie og anna historie, legg han til.

Enda opp i Danmark

Funnet gjorde dei då dei leitte gamle brev i statsarkivet. Der fann dei eit brev frå generalvegmeister Hammer, som var vegsjef på den tida. Brevet var skrive til det danske kanselli, som var forvaltingsorganet mellom Noreg og Danmark.

– I det eine brevet stod det at han ville få refundert 200 riksdalar for to utleigde kart som var bestilt og han hadde sendt til dei. Dei karta hadde me ikkje høyrt om, så me sjekka på ulike stader i København, fortel Adriansen.

– Då enda me til slutt opp på dronning Margrethe sitt private handbibliotek og fekk snakka med bibliotekaren, som leita og fann kartet. Han fekk pussa støv av det og scanna og sendte det til meg. 

Men det var ikkje desse karta Adriansen eigentleg var på jakt etter.

– Desse karta er frå 1793, så betyr at me ikkje har funne dei karta me eigentleg leita etter, så kva med dei? smiler Adriansen.

Til toppen