PÅKØYRD: Sogndal kommune vart varsla då det vart funnen ein død vandrefalk på Fimreite.
PÅKØYRD: Sogndal kommune vart varsla då det vart funnen ein død vandrefalk på Fimreite. (Foto: Illustrasjon)

Fann påkøyrd vandrefalk

Hendinga skjedde på Fimreite i Sogndal.

Sogndal: Tysdag kveld meldte politiet i Sogn og Fjordane at det var funne ein truleg påkøyrd vandrefalk på Fimreite i Sogndal.

Vandrefalken er den mest spreidde rovfuglarten og finst over heile verda unntatt Antarktis. Fuglen er ifølgje Wikipedia også det raskaste dyret som lever på jorda. I stup har forskarar målt 389 kilometer i timen. 

Når det gjeld fuglen som enda sine dagar på Fimreite, vart kommunen varsla som viltfondet sin lokale kontakt. 

Til toppen