BEKYMRA: Oddmund Einemo, som er grunneigar i området der reinane vart tekne av skred, er bekymra for at rovdyr kan spreia CWD ved å dra med seg vev frå kadavera, dersom nokre av reinane som berre delvis er dekte av skredet skulle vera infiserte. Foto: Ole Ramshus Sælthun/Oddmund Einemo
BEKYMRA: Oddmund Einemo, som er grunneigar i området der reinane vart tekne av skred, er bekymra for at rovdyr kan spreia CWD ved å dra med seg vev frå kadavera, dersom nokre av reinane som berre delvis er dekte av skredet skulle vera infiserte. Foto: Ole Ramshus Sælthun/Oddmund Einemo

Fann reinsflokk teken av skred: – Eit grufullt syn

Ein reinsflokk av uviss storleik ligg delvis begravd under hardpakka snø ved Stardalsbergi i Nordfjella. Dei døde reinane skal gravast fram og prøvetakast for skrantesjuke.

Lærdal: – Det var i går morgon i halv åtte - åtte - tida. Eg køyrde opp mot Hemsedsalsfjellet, som eg plar gjera på eige inititiv. Då møtte eg Knut Maristuen i Filefjell tamreinlag. Me såg ein heil haug med ramn borte ved eit skred i Stardalsbergi. Og då veit me kva som har skjedd, seier grunneigar i området, Oddmund Einemo.

Han og Maristuen tok seg bort til skredområdet og fekk mistanken stadfesta; fleire reinhovud og reinklauver stakk opp i skredvifta.

– Me såg fem-seks reinar som låg delvis i overflata. Men skreda er djup, så det kan vera alt frå berre dei til femti, vil eg tru. Det er nok ein bukkeflokk, for alt me såg var bukkar.

Les også: Skal ta ut bukk rundt rv. 52

Les også: Denne bukken har symptom som er typisk for skrantesjuke

Bekymra for rovdyra

Dei melde frå om hendinga og meir mannskap frå tamreinlaget kom til – laget held oppsyn med villreinen på sørvestsida av rv. 52 for at desse reinane frå det skrantesjukeråka området ikkje skal blanda seg med tamrein på andre sida av vegen.

– Dette var like i nærleiken av der ei tilsvarande ulukke skjedde midt på 80-talet. Då rauk 190 rein med i eit skred her, eg var med og fann dei. Det er heilt vanleg at det fell dyr utover her, for det ligg masse beinrestar av rein nedover fjellsida.

Ettersom skrantesjuka blir omtala som svært smittsam og kan spreiast både med ekskrement og vev frå infiserte individ, ventar Einemo at dei ansvarlege agerer kvikt.

Les også: Dette var «monsteret» sitt første offer

– GRUFULLT: Berre klauvane stakk opp frå skredvifta på nokre av reinane som strauk med ved Stardalsbergi.
– GRUFULLT: Berre klauvane stakk opp frå skredvifta på nokre av reinane som strauk med ved Stardalsbergi.

– Det var eit grufullt syn, for rovdyra startar fort på det. Det hadde vore gaupe eller jerv der, spora hadde vorte noko utviska, så eg torer ikkje seia heilt sikkert om det var det eine eller andre.  Det var eit 30-tals ramnar der. Og ei kongeørn som letta og forsvann mot andre sida av rv. 52, altså over på tamreinssida.

Les også: Meiner nordfjellareinen bør sanerast uavhengig av eventuell spreiing

Les også: Landbruksministeren vil ha rask nedskyting av villrein i Nordfjella

– Det er poenget mitt; om det ligg eitt kadaver av skrantesjukeråka i terrenget vil rovdyr spreia vev rundt om. Då får ein luftbåren smitte, og det hjelp ikkje med gjerde eller noko. Det burde temmeleg kjapt vere full action med gravemaskin og helikopter frå dei ansvarlege si side, utifrå eit slik smittepress som blir skildra, seier Einemo.

Skal grava opp og ta prøver av alle reinane over helga

Statens Naturoppsyn (SNO) Petter Braaten stadfester også at mannskap frå SNO, Mattilsynet og Filefjell tamreinlag skulle grava fram dei skredtekne reinane med gravemaskin på belte i dag, onsdag.

– Men grunna sjukdom hjå mannskapet med gravemaskina må me utsetja dette, så det ligg an til å bli rett over helga. Reinane ligg under hardpakka snø, så me er avhengige av gravemaskina for å få dei opp.

Les også: Skrantesjuka: – Må gjera så godt me kan

Les også: – Skulle gjerne ha testa alt slakta hjortevilt i Noreg

Han har sjølv ikkje vore på staden, men seier følgjande om tal reinar som ligg under snøen:

– Utifrå observasjonar av flokken i området før skreda samanlikna med nylege observasjonar kan det vera snakk om 30 - 35 reinar. Det er ein stor jobb å grava fram og ta CWD - prøver av alle. Det skal me sjølvsagt gjera, så vil me truleg grava dei nedatt til prøveresultata er klare i løpet av kort tid.

Dersom alle testar negativt for skrantesjuke/CWD, reknar Braaten med at reinane blir liggjande.

 – Skulle det vera positive utslag på testen, vil me henta ut det aktuelle individet eller dei aktuelle individa og frakta heile dyret eller dyra til Veterinærinstituttet for nærare undersøkjingar. 

Til toppen