NOMINERT: Sogndal-guru Rolf Navarsete er nominert til Nikken-prisen, som blir tildelt under cupfinalen 20.november. Foto: Rune Sjøberg
NOMINERT: Sogndal-guru Rolf Navarsete er nominert til Nikken-prisen, som blir tildelt under cupfinalen 20.november. Foto: Rune Sjøberg

– Fantastisk moro å bli nominert til Nikken-prisen

Sogndal-guru Rolf Navarsete trur den solide posisjonen Sogndal har halde som fotballag frå ei bygd i førti år er grunnen til nominasjonen

Sogndal: – I år er det førti år sidan me spelte mot Brann i cupfinalen og det er førti år sidan me rykte opp til 2.divisjon, altså det som er OBOS-ligaen i dag. Sidan har me aldri falle ned frå dette nivået og hatt plasseringar midt på tabellen på nest høgste nivå som dårlegaste notering, seier Rolf Navarsete.

Han har vore der heile tida - som spelar på laget i cupfinalen i 76 og den første sesongen på nest høgste nivå året etter. Sidan er lista over roller mange: formann, spelarutviklar, økonomisjef, anleggssjef, sportsleg leiar og styreleiar, mellom anna.

«Åres fotballvenn»

Når Rolf Navarsete no er nominert til Nikken prisen - ei tildeling til «årets fotballvenn» i regi av Norges Fotballforbund - trur Navarsete grunnen er den solide posisjonen Sogndal har hatt, og stadig styrkja, i norsk fotball desse førti åra. 

– Me har vakse sakte, men sikkert. No har me like stor omsetnad som Vålerenga, ja eg vil faktisk tru større. Og me snakkar om eit lag frå ei bygd med 7000 innbyggjarar. Vålerenga kjem som kjent frå ein større plass. Me har den tredje største balansen, berre Rosenborg og Brann har større. Me eig Campus og har bygd for 1,8 milliardar her, noko som gjer oss til den tredje største eigedomsforvaltaren i fylket.

Blir delt ut under cupfinalen

Prisen blir delt ut i pausen under cupfinalen på Ullevål 20.november mellom Rosenborg og Kongsvinger. Dei to andre nominerte er Øystein Øysæd frå Kvinesdal IL og Karstein Tuv frå Brann SK.

– Eg tykkjer det er fantastisk moro å bli nominert, seier Navarsete.

– Kva tenkjer du om framtida for Sogndal Fotball?

– No har me halde dette nivået i førti år, så kvifor ikkje førti år til? 

Og forresten; i 2011 vart Olav Kjos-Wenjum frå Hafslo idrettslag tildelt denne prisen.

Til toppen