GOD SESONG: Kristoffer Nystedt, dagleg leiar på Utladalen Camping og Svalheim Gard, fortel at hyttene har vore fullbooka sidan siste veka i juni til siste veka i august. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
GOD SESONG: Kristoffer Nystedt, dagleg leiar på Utladalen Camping og Svalheim Gard, fortel at hyttene har vore fullbooka sidan siste veka i juni til siste veka i august. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Fantastisk sesong for reiselivet i Årdal

Kristoffer Nystedt og Erling Eggum kan begge sjå tilbake på ein av tidenes sesongar for reiselivet.

Årdal: Kristoffer Nystedt, som driftar Utladalen Camping og Svalheim Gard, har berre fjoråret å samanlikna med, men at det går så det susar kan ein trygt seia.

– Eg har ikkje fintelt, men me har nok auka omsetninga med 60 til 70 prosent frå året før. Me reknar med at me har hatt i overkant av 5000 overnattingsgjestar. Det har vore såpass mykje høgare at me har hatt nokre frykteleg lange dagar, seier Nystedt.

Det klagar han neppe på, og det gjer heller ikkje Erling Eggum, som er dagleg leiar i Klingenberg Hotell. Ferske tal frå SSB viser at det har vore ein rekordsommar for hotellovernattingar i Noreg med ein auke på 6 prosent samanlikna med august 2014.

Mykje trafikk frå Asia

– Me har hatt mykje trafikk i sommar, spesielt frå Asia med Japan og Korea. Me har nok hatt meir besøk enn nokon gong. Og så skal eg innrømma at det er mykje fordi dei er på gjennomreise, men eg trur òg at det er har noko med pris å gjera og at Årdal byrjar å bli sett på som ein turistdestinasjon, forklarar Eggum. 

Les også: Brandshaug om reiselivet: – Vis tolmod

Artikkelen held fram under biletet.

MYKJE TRAFIKK: Dagleg leiar ved Klingenberg Hotell, Erling Eggum, fortel om mykje trafikk frå Asia og folk som er i Årdal i samband med forretningar. Saman har det gitt ein svært god sesong. Arkiv
MYKJE TRAFIKK: Dagleg leiar ved Klingenberg Hotell, Erling Eggum, fortel om mykje trafikk frå Asia og folk som er i Årdal i samband med forretningar. Saman har det gitt ein svært god sesong. Arkiv

Ein samanblanding av trafikk i samband med forretningar og turisme gjer juni, juli og august til tre veldig gode månader for Klingenberg Hotell. Årsaka forklarar han slik:

– Over mange år har me jobba inn mot turoperatørar og fått innpass. Når dei har tillit til oss og over tid har sett at me leverer eit bra produkt, så brukar dei oss meir og meir. I tillegg er det pris. At dette har vore tidenes sesong, har noko med ein låg kurs på krona å gjere, trur eg.

Les også: Svak krone gjev optimisme for eksport og reiseliv

Fullbooka

Også for Nystedt har dei tre sommarmånadane vore gode. Frå siste veka i juni til siste veka i august har det vore fullbooka på alle hyttene. Han skildrar sesongen som fantastisk på campingen.

– Og så har me jobba aktivt med å slå saman Svalheim og campingen til eitt selskap. Og så har me vore så heldige at me har lykkast med å få gjester til å vera lenger enn normalt. Me har hatt gjester som har kome på besøk for å feriere i Årdal. Det er gøy, seier han og trur jungeltelegrafen har spelt ei viktig rolle.

Artikkelen held fram under biletet.

JUNGELTELEGRAF: Etter å ha bygd om våningshuset til pub, har Svalheim gard fått eit nytt element ved seg. Jungeltelegrafen har spelt ei viktig rolle for å spreie den gode bodskapen, trur Nystedt. Arkiv
JUNGELTELEGRAF: Etter å ha bygd om våningshuset til pub, har Svalheim gard fått eit nytt element ved seg. Jungeltelegrafen har spelt ei viktig rolle for å spreie den gode bodskapen, trur Nystedt. Arkiv

– Jungeltelegrafen, at me har oppgradert heimesider og folk har vore nysgjerrige på Årdal, har vore viktige grunnar. Det er fleire slike gjester me ønskjer.

For hans del har fiskarane for det meste uteblitt i sommar, noko som skuldast dårlege forhold med ein sein sommar. Det har også hatt konsekvensar for vandrartrafikken på grunn av mykje snø i fjellet. Likevel har dei fylt opp. 

Fått augo opp for Utladalen

Dette var også første sesongen med Svalheim gard, der det er gjort store betringar på dei ulike bygga på garden og laga til fleire overnattingsplassar. 

– Me er veldig nøgde med at me har fått marknadsført Svalheim gjennom dei gjestene me hadde og at folk finn fram. Det har vore litt varierande besøk, men me har skapt eit grunnlag for ein god neste sesong. 

Les også: Meiner Årdal har eit godt utgangspunkt for reiseliv

– Eg trur me har vore flinke til å marknadsføre Vettisfossen. Det har vore frykteleg mykje trafikk fram dit, og eg trur jo at folk har fått augo opp for Utladalen, og difor må eg gje ros til Utladalen Naturhus, og dei som driv i Vetti og Avdalen. 

Artikkelen held fram under biletet.

POPULÆRT: I sommar har Eggum sørgja for at det har vore drift på Vetti gard att, noko folk har sett stor pris på. Arkiv
POPULÆRT: I sommar har Eggum sørgja for at det har vore drift på Vetti gard att, noko folk har sett stor pris på. Arkiv

Der kjem Eggum inn i biletet. I sommar har han nemleg vore med på å drifta Vetti gard. Han fortel at han er godt nøgd med resultatet av det, men også her har den seine sommaren hatt litt å seia. Likevel kjem dei godt ut omsetningsmessig og er noko dei håpar å halde fram med neste sommar.

Les også: – Dette har rett og slett vore moro

Hjelper kvarandre

Andre som også tek ein del i dette er Tya Bakeri, som har hatt ein strålande sommar dei også. Og nokre av gjestene kan dei kanskje takka Nystedt for.

Les også: Går over all forventning med Tya Bakeri

– I år så sendte me mange til Tya. Det er gledeleg at dei har eit godt spisetilbod fordi me har ikkje hatt kapasitet til å servera så mykje mat, smiler han. 

– Men me håpar å utvida tilbodet litt med faste kveldar. Me er uansett glad for at det ikkje berre er me, men også andre har gjort ein innsats for at Årdal har blitt eit bra produkt.

Til toppen