OPNA FØRRE HELG: Skisenteret på Tyin/Filefjell er eitt av fleire som gler seg over ei snørik start på sesongen. Det kalde vêret gjer òg at snøkanonene kan gå for full maskin.
OPNA FØRRE HELG: Skisenteret på Tyin/Filefjell er eitt av fleire som gler seg over ei snørik start på sesongen. Det kalde vêret gjer òg at snøkanonene kan gå for full maskin. (Tyin/Filefjell Utvikling AS)

Fantastiske forhold i fjellet og snøkanonene går for fullt

Denne helga var det sesongstart for skisenteret på Tyin/Filefjell.

Filefjell: – Det er veldig gode forhold og det er kaldt, så det blir produsert snø for harde livet. Då får me ein god såle og eit godt utganspunkt for resten av sesongen, seier Magne Grihamar i Tyin/Filefjell Utvikling.

Førebels er det hovudheisen og barneområdet som opna. Grihamar fortel at dei to andre heisane etter planen skal opne frå 2. juledag, som Tørrisheisen årdølene er flittige brukarar av. Grihamar seier dei vil jobba på spreng for å få til tidlegare opning, men at fokuset er å få ein god såle i hovudheisen.

– Det er flott for oss å kunne opna no, men vel så viktig å ha ope heilt ut april, seier Grihamar.

Grihamar minner om at det er gratis sesongkort til alle fjerdeklassingar, inkludert for årdøler og lærdøler. Vidare anbefalar han folk om å henta ut korta før jul. 

Skisenteret vil halda ope kvar helg fram til vesle julafta og deretter kvar dag ut sesongen. 

– Det er ikkje tvil om at rekordgode sesongstarten har gitt god stemning hos alle oss som driv med dette. Sesongkortsalet har gått veldig bra og me ser fram til godt besøk dei komande helgane, frå lokalbefolkninga så vel som hyttefolket. Det er berre å komma seg til fjells og utnytte dei gode forholda, seier Grihamar.

Til toppen