ENDELEG: Trude Brosvik (KrF) er glad for at det skal bli betre køyreforhold på Fylkesveg 5582 Sløvåg - Byrknesøy.
ENDELEG: Trude Brosvik (KrF) er glad for at det skal bli betre køyreforhold på Fylkesveg 5582 Sløvåg - Byrknesøy. (Foto: Pressefoto / Firda Seafood Group AS)

Får 10 millionar til å utbetre ulykkesvegen: – Svært gledeleg

Vestland fylke får totalt 54 millionar kroner i statleg støtte til punktbetring på viktige vegar knytt til havbruk og fiskeri.

Ytre Sogn: Trude Brosvik (KrF) skriv i ei pressemelding at pengane vil gjere kvardagen både enklare og tryggare for mange, og at det vil støtte lokalt næringsliv på ein god måte.  

– Oppdrettsnæringa er svært viktig for fylket, og ofte ligg verksemda i enden av ein smal fylkesveg. Det er store bilar som skal fram, og stort behov for utbetringar både av kurvatur, kryss og møteplassar, skriv Brosvik. 

– Dette er svært gledeleg. 

Brosvik meiner at tildelingane viser at både fylket og samferdselministeren viser god kunnskap om vegstandaren og behovet i Vestland. 

Desse vegane har fått tildeling

  • Fylkesveg 570 Andås x E39 Masfjordnes: 8 millionar
  • Fylkesveg 5582 Sløvåg-Byrknesøy: 10 millionar
  • Fylkesveg 616 Kalvåg-Oldeide: 8 millionar
  • Fylkesveg 549 Flatråker-Våge: 8 millionar
  • Fylkesveg 546 Rådal x 580 Krokeide - Hufthamar - Bekkjarvik x Fylkesveg 150: 10 millionar
  • Fylkesveg 560 Beinastaden-Skogsvåg: 10 millionar
Til toppen