STORT PROSJEKT: Forskingsrådet har i 2019 løyvd 103 millionar kroner til forskingsprosjekt ved Høgskulen på Vestlandet, det dobbelte av summen i fjor. Eitt av prosjekta skal sjå på bruken av sakkunnigrapportar i barnevernsaker.
STORT PROSJEKT: Forskingsrådet har i 2019 løyvd 103 millionar kroner til forskingsprosjekt ved Høgskulen på Vestlandet, det dobbelte av summen i fjor. Eitt av prosjekta skal sjå på bruken av sakkunnigrapportar i barnevernsaker. (Bilde: Halvor Farsund Storvik/arkiv)

Får 11,4 millionar til å forska på barnevernsrapportar

Ønskjer å bidra til forsvarleg handsaming av saker som kan føra til omsorgsovertaking.

Sogndal: Når barnevernet tek frå foreldra omsorga for eit barn, byggjer avgjerda som regel på rapportar frå sakkunnige.

No har Høgskulen på Vestlandet fått 11,4 millionar kroner til eit prosjekt som skal undersøka bruken av desse rapportane.

– Omsorgsovertaking er eit sterkt verkemiddel som har store ringverknader for foreldre, søsken, besteforeldre og nærmiljø, og det råkar mange familiar. Då er det viktig at kunnskapsgrunnlaget for ei slik avgjerd er godt, seier Magne Olav Mæhle, professor ved Institutt for velferd og deltaking i Sogndal, til høgskulen sine eigne heimesider.

Omlag 1200 gonger kvart år avgjer barnevernet i Norge at barn må vekk frå foreldra sine. Forskarane i prosjektet har tilgang på 7000 rapportar skrivne sidan 2011.

– Med vårt prosjekt ønskjer me å bidra til ei forsvarleg handsaming av slike saker, seier Mæhle.

Til toppen