Kyrkjelydshuset
Kyrkjelydshuset (Bilde: Truls Grane Sylvarnes)

Får 30.000 kroner til førprosjektet for heis og nytt toalett i kyrkjelydshuset

Får ros for arbeidet som har blitt gjort for kyrkja i 150 år.

Årdalstangen: I år er Årdal kyrkje 150 år og kyrkjelydshuset 50 år. Kyrkjelydshuset er eit hyppig brukt lokale blant lokalbefolkninga, men eit minus er manglande heis og eit skikkeleg toalett for handikapa. 

I samband med jubileet har jubileumskomiteen søkt om 30.000 kroner til å dekka utgifter knytt til førprosjektet for desse to tiltaka.

– Dette er jo ei sak som har lege sidan 2012, men så kom Årdal på Robek-lista. No har soknerådet teke saka opp att slik at ein kan få bygget i ein standard som tilsvarar lovverket i 2017, seier Hogne Linga.

– Kostnader for oppdatering av underlaget for byggeprosjektet frå 2012 er dekka av Fellesrådet. Soknerådet har i tillegg hatt dokumenterte utgifter med oppdatering av denne løysinga slik at dette blir eit mest mogleg brukarvenleg bygg. Denne kostnaden er på vel 30.000 kroner, opplyser han.

Sa ja

Tysdag sa formannskapet i Årdal ja til å gi ei slik gåve. Tidlegare i år deltok medlemmane på ei synfaring i bygget.

– Der fekk me veldig bra og grundig informasjon om heisprosjektet som er tenkt der saman med toalett. Det er eit fleirbrukshus som er viktig for innbyggjarane i Årdal. Det er behov for å oppgradera det, og eg vil berømma dei som har stått i bresjen for det prosjektet, sa Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap).

– Det kan bli ei dyr gåve som kan koste tre millionar kroner, sa rådmann Olve Fossedal med eit glimt i augo. Tre millionar er det som er sett av i investeringsbudsjettet til prosjektet i 2019.

Utover hausten vil det bli fleire arrangement i samband med jubileet. 

Til toppen