PROSJEKT: Multivolt skal gje oppdrettsverksemder som ønskjer elektrifisering av lokalitetene konkrete tal på kva det vil koste økonomisk og kva dei kan tene på miljøsida.
PROSJEKT: Multivolt skal gje oppdrettsverksemder som ønskjer elektrifisering av lokalitetene konkrete tal på kva det vil koste økonomisk og kva dei kan tene på miljøsida. (Foto: Multivolt AS)

Får 300 000 for å sjå på elektrifisering av oppdrettsanlegg

Multivolt AS skal kartleggje kva det vil koste oppdrettslokalitetar å verte heilelektrifiserte i framtida. – Infrastrukturen er den største utfordringa, seier dagleg leiar.

Ytre Sogn: – Det vert meir og meir energiforbruk på oppdrettsanlegga, og det nye no er difor at ein må ut med høgspentkablar til anlegget. Det kostar meir, men me ser at det er lønsamt og at næringa ønskjer å vere miljøvenleg, seier dagleg leiar i Multivolt AS, Tore Bråstad til Porten.no. 

I samarbeid med forskings- og utviklingsavdelinga Akvahub AS, der Multivolt er ein av eigarane, skal verksemda kartleggje potensialet innan miljø, klima og økonomi ved å få

Multivolt AS

  • Stifta i 2013 av Tore Bråstad og Jan Helge Lekva. 
  • Totalleverandør innan elektro. 
  • Omsette for 41,7 millionar kroner i 2018. 30 prosent av dette var innan havbruksnæringa. 
  • Er medeigar av forskings- og utviklingsavdelinga Akvahub AS
  • Har avdelingar i Leirvik i Hyllestad, Sløvåg i Gulen og Dale i Sunnfjord. 

landstraum til havbrukslokalitetar i Sogn og Fjordane, skriv dei to verksemdene i ei pressemelding. 

Sogn for Fjordane fylkeskommune har gjennom Marint Verdiskapingsfond gjeve 300 000 kroner i støtte for å gjennomføre kartlegginga. Oppdrettslokalitetane som deltek vil få ein rapport som syner potensialet og investeringskostnadene ved å knyte seg til eller oppgradere tilførsle av landstraum. 

Verksemdene startar arbeidet med prosjektet i januar. 

– Stadige førespurnader

I tillegg til hovudkontoret i Leirvik i Hyllestad, har Multivolt også avdelingar i Gulen og Fjaler. Akvahub har kontor i Leirvik. Prosjektet vil først og fremst gå føre seg i Gulen og Hyllestad, men Multivolt nyttar elles ressursar frå alle avdelingar, ifølgje Bråstad. 

Han seier at verksemda stadig får førespurnader om å elektrifisering av anlegg. No ønskjer dei å kartleggje heile bransjen i fylket. 

– Oppdrettsanlegga treng meir straum enn tidlegare, blant anna på grunn av krav om semi-lukka anlegg med luseskjørt. Det krev meir pumping for å ha sirkulasjon i anlegga, seier Bråstad. 

I tillegg ønskjer også fleire og fleire anlegg fjernovervaking og då er det viktig med straumtilførsle heile døgnet. 

Reduserer utslepp

Ifølgje ein rapport frå Bellona og ABB kan elektrifisering av havbruksnæringa bidra til å kutte opp til 300 000 tonn med karbondioksid-utslepp. 

Per i dag er mykje av straumen på oppdrettsanlegg drive av generatorar som går på diesel. I tillegg ligg gjerne båtane som kjem til anlegga og går på diesel store delar av dagen, fortel Bråstad. Han trur klimavinsten ved elektrifisering kan vere stor. 

– Båtane kan då til dømes leggje seg til lading med landstraum i staden for å ha motoren i gang. El-båtar er noko som kjem, og det skjer mykje innanfor dette, seier Bråstad. 

Han trur at fokus på miljø og berekraft i næringa igjen kan potensielt påverke prisane i marknaden i neste omgang, då fleire og fleire forbrukarar ønskjer varer dei veit er produserte på ein miljøvenleg måte. 

– Er det nok straum tilgjengeleg til at alt dette skal elektrifiserast? 

– NVE seier at det er nok straum. Me skal framleis ha overskot på energi, uavhengig av debatten kring vindkraft og andre energikjelder. Eg trur ikkje det er den største utfordringa ved dette. Det finst også hybridløysingar, seier Bråstad. 

Han meiner det vanskelegaste vil vere å få på plass infrastruktur heilt ut på dei ytterste øyane. 

– Det gjev ein kostnad for oppdrettsselskapa. Det er ein del plassar der infrastrukturen må utbetrast, seier Bråstad. 

Pionerverksemd

Multivolt har halde på med denne typen arbeid sidan oppstarten i 2013 og har spisskompetanse på feltet. 

– Me er pionerar på dette og kan vise til mange anlegg der dette har vore gjort, seier Bråstad. 

Verksemda sikrar straumtilførsle ved å leggje ut kablar med båt, som så vert bolta til botnen og kopla til fôrflåter. Nettselskapa har ansvar for infrastrukturen ned til fjøresteinane, men vidare er det oppdrettsselskapa som må ta kostnaden.

– Me har djupe fjordar og i nokre prosjekt er sjøkablane heilt nede på 600 – 700 meter djupne, fortel Bråstad. 

Multivolt og Akvahub ønskjer med prosjektet å leggje til rette for at oppdrettslokalitetane i fylket vert dei første i landet som vert heilelektrifiserte.  

Ifølgje prosjektleiar i Akvahub, Christian Hatlem Skår, gjev dette ei moglegheit til å skape ei endå meir berekraftig utvikling av havbruksnæringa. 

Til toppen