Lærdal: – Det har vore stort pågangsmot og ønskje om å ta i mot flyktningar i kommunen. Gjennom eit godt samarbeid mellom kommunen, IMDi og andre aktørar, pluss at me har fått inn friskt blod på bemanningssida, har ting klaffa godt, seier fagleiar for flyktingtenesta hjå NAV i Lærdal og Aurland, Turid Stigen Sørensen.
Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) oppmoda Lærdal kommune om å ta i mot ti flyktningar i 2016, politikarane lokalt sitt mål var femten. Og det enda altså på atten. For det har kommunen nyleg fått 400 00 kroner ekstra i løyvingar frå Staten.
Flest frå Syria
– Me har teke inn veldig mange i haust; tretten sidan i august. Det er mest frå Syria, men me har også hatt familiegjenforening med ein familie frå Jemen. Det er først og fremst snakk om familiar, og sju av dei atten som kom i fjor var born. I tillegg har me teke i mot to einslege menn, seier Stigen Sørensen.
Les også: Flykta frå krig, terrror og eit valdeleg regime
Les også: Sirwan kom kjapt ut i full jobb
Samstundes er det ressurskrevjande, og tilbodet til flyktningane i Lærdal har også vorte vesentleg utvida den siste tida. I august starta Vaksenopplæringa opp i dei tidlegare lokala til apoteket, og borna som kjem som flyktningar får språkopplæring i både barnehage og skule.
– Dette har fungert veldig bra. Det dukkar stadig vekk opp utfordringar og kjem nye folk heile tida. Så me ser på moglegheitene for å utvida med ein person på bemanningssida, seier Stigen Sørensen.