FÅR ATT: Dei 11 millionane fylkeskommunen har brukt til rådgjeving i samband med det no havarerte Fjord1-salet vil kjøpar Torghatten måtte dekkja, i følgje fylkesordføraren. Arkivfoto: Fjord1
FÅR ATT: Dei 11 millionane fylkeskommunen har brukt til rådgjeving i samband med det no havarerte Fjord1-salet vil kjøpar Torghatten måtte dekkja, i følgje fylkesordføraren. Arkivfoto: Fjord1 (Foto: Pressefoto)

Får att rådgjevarpengane

Sogn og Fjordane fylkeskommune har brukt 11 millionar kroner på rådgjevarar i forsøket på å selja Fjord1. Desse kostnadane må kjøpar Torghatten ta. 

– Det er avtalefesta at Torghatten tok risikoen når det gjeld kostnadar me har hatt i salsprosessen, seier fylkesordførar Jenny Følling.

AVTALEFESTA: Fylkesordførar Jenny Følling fortel dei 11 millionane brukte til rådgjeving ikkje er tapte for fylkeskommunen sin del. Arkivfoto
AVTALEFESTA: Fylkesordførar Jenny Følling fortel dei 11 millionane brukte til rådgjeving ikkje er tapte for fylkeskommunen sin del. Arkivfoto

Måndag 23. november 2015 vedtok fylkestinget i Sogn og Fjordane å selja seg ned i Fjord1, og på sikt heilt ut av selskapet. Fylkeskommunen sat då med aksjmajoritet i Fjord1 på 59 prosent gjennom eit eige dotterselskap. Valet av kjøpar fall ned på Torghatten.

Vedtaket vart gjort med 16 mot 15 røyster. Senterpartiet, Frp, KrF og deler av Høgre stemde for sal. Ap, V, SV, MDG og resten av Høgre stemde mot.

Meinte det var eit vindauge som måtte gripast no

Arbeidarpartiet og Senterpartiet har stått steilt mot kvarandre i saka. At Fjord1 må seljast på eit tidspunkt herska det rett nok ikkje usemje om. Bakgrunnen for dette er at sjøtransport har vorte ein heilt konkurranseutsett bransje grunna EU-direktiv - noko som igjen fører til eit omfattande anbodsregime. Det fører til høg risiko med kapital - ein risiko fylkeskommunen på sikt ikkje vil sitja med.

Usemja mellom AP og SP har gått på når, korleis og til kven salet bør skje. Senterpartiet har ivra for sal i denne omgangen. Fylkestingsrepresentant Aleksander Øren Heen (SP) forklarar kvifor:

UMOGLEG: Aleksander Øren Heen (SP) meiner det var umogleg å vita utfallet frå Konkurransetilsynet. Arkivfoto
UMOGLEG: Aleksander Øren Heen (SP) meiner det var umogleg å vita utfallet frå Konkurransetilsynet. Arkivfoto

– Det er fire aktørar i ferjemarknaden dag. Heile bransjen har trudd det gjekk an å koma ned på tre før ein møtte veggen hjå Konkurransetilsynet. At det var eit vindauge som kunne gripast no. I dag ser me at det ikkje var det.

For i dag, 14.juli 2016, kom altså Konkurransetilsynet sin dom: Torghatten blir for store om dei kjøper opp Fjord1. Konkurransen i ferjemarknaden blir for liten og passasjerane risikerer å måtte ta støyten i form av høgare prisar enn om det er fleire aktørar.

– Småarrogant

Arbeidarpartiet har meint det er for tidleg å selja, at ein må bruka meir tid på prosessen. Særskild fordi selskapet Havilafjord – som driv med sjøtransporttjenester for offshore – sit med dei resterande aksjane, 41 prosent, og meiner dei har forkjøpsrett ved sal av Fjord1. Dei har varsla søksmål fordi dei altså meiner forkjøpsretten er forbigått.

FRÅ STARTEN: Hilmar Høl (AP) meiner det har ligge i korta frå starten av at Konkurransetilsynet ville nekta oppkjøpet, og at AP har varsla om risikoen. Arkiv
FRÅ STARTEN: Hilmar Høl (AP) meiner det har ligge i korta frå starten av at Konkurransetilsynet ville nekta oppkjøpet, og at AP har varsla om risikoen. Arkiv

Vidare hevdar fylkesleiar for AP, Hilmar Høl, at eit "nei" frå Konkurransetilsynet låg oppe i dagen:

– Dette har me visst frå starten. Så krokodilletårene til fylkesordføraren når ho seier dette var uventa, høyrer eg ikkje mykje på. For to månader sidan fekk me eit femti sider langt notat frå Konkurransetilsynet som varsla at dette ville bli utfallet. Eg vil seia Arbeidarpartiet har hatt mykje rett.

Les også: Konkurransetilsynet varslar stans av Fjord1-sal

Øren Heen i Senterpartiet er av ei anna oppfatning:

– Det er småarrogant å hevda av Arbeidarpartiet. Alle selskap i marknaden la inn bod, noko som betyr at alle desse trudde ei slik sak ville gå gjennom Konkurransetilsynet.

– Men viser ikkje avgjerda i dag at Senterpartiet og dei andre som ivra for sal har vore noko naive?

– Nei. I sånne saker får ein ikkje vita noko om kva Konkurransetilsynet meiner  før alle avtalar er inngått. Så dette er ein runde som har vore heilt nødvendig og utanfor vår kontroll. 

Usamde om vegen vidare

I runden har altså fylkeskommunen brukt 11 millionar kroner på rådgjevarar. Dei har ikkje Høl i AP mykje til overs for.

– Det er ingen veg utom å bruka ekstern rådgjeving. Her er det mykje juridisk som går over hovudet på oss folkevalde, så ein ma ha folk som er vande til å handtera ein slike saker. Men når ein ser resultatet av råda kan ein jo stilla nokre spørsmålsteikn.

Sogn og Fjordane fylkeskommune skal spara inn 40 millionar kroner på samferdslebudsjettet og jobbar med prioritering av over hundre moglege innsparingstiltak. Samstundes har det altså vorte brukt 11 millionar kroner på råd i Fjord1-saka som enda med at Konkurransetilsynet stoppa det heile. Men desse utgiftene må altså Torghatten dekkja.

– Den økonomiske biten er ivareteken gjennom desse avtalane, stadfester Øren Heen.

– Kva bør skje vidare no?

– Fylkesutvalet må til hausten setja seg ned og sjå på momenta Konkurransetilsynet har peika på.  Utover det vil eg ikkje spekulera.

Hilmar Høl i AP er av ei anna oppfatning.

– No må lata Fjord1 få bygga seg opp. Eg vil tru me held fram som eigarar ei stund. Det må ikkje bli ein ny hasteprosess som det har vore frå oktober til i dag.

 

Til toppen