FORSKING: WoodInWest AS i Høyanger får ein halv million kroner til å kartleggje logistikkløysingar som kan bidra til auka industrialisering og lokal foredling av råvarer i skogbruksnæringa på Vestlandet. Illustrasjonsfoto
FORSKING: WoodInWest AS i Høyanger får ein halv million kroner til å kartleggje logistikkløysingar som kan bidra til auka industrialisering og lokal foredling av råvarer i skogbruksnæringa på Vestlandet. Illustrasjonsfoto

Får ein halv million til forsking på tømmerlogistikk

WoodInWest AS, som har vore involvert i kaiplanane i Lærdal, får pengar frå Regionalt forskingsfond Vestlandet.

Vestlandet: WoodInWest AS i Høyanger får ein halv million kroner til å kartleggje logistikkløysingar som kan bidra til auka industrialisering og lokal foredling av råvarer i skogbruksnæringa på Vestlandet, går det fram av ei pressemelding frå Regionalt forskingsfond Vestlandet.

Prosjektet skal mellom anna leggje til rette for systematisk analyse av korleis ulike metodar for hogst og transport kan kombinerast i ein landsdel med utfordrande terreng og lange avstandar til transportknutepunkt. Det langsiktige målet er auka verdiskaping frå vestlandsk granskog gjennom heilskaplege og effektive verdikjeder som er tilpassa lokale forhold.

Tømmerkai i Lærdal brikke i strukturen

Selskapet WoodInWest kartlegg moglegheitene for å skapa arbeidsplassar gjennom meir utnytting av tømmeret langs Sognefjorden. 

Tømmerkai i Lærdal og Gulen er brikker i denne strukturen. 

Les også: Kai i Lærdal: – Me politikarane sit att som spørsmålsteikn

Bak selskapet står tolv offentlege og private aksjonærar. Styreleiar i WoodInWest er Harald Kjelstad og nestleiar Liv Signe Navarsete. 

–  Det er også tidlegare gjort ein følsamheitsanalyse med tanke på etablering av tømmerkai i Lærdal. Valdres er store på skogdrift, og ein såg ein på moglegheita for ei kai her i Lærdal som eit alternativ til utskiping av tømmer frå kaiene på Austlandet, har dagleg leiar i Lærdal Næringsutvikling, Arve Tokvam uttalt til Porten.no tidlegare.

Les også: Ser på potensiale for både cruise-, tømmer-, og godskai

Kvalifiseringsstøtte

Styret i Regionalt forskingsfond Vestlandet (RFF Vestlandet) har vedtatt å løyve 36,6 millionar kroner til ny forsking i Hordaland, Sogn og Fjordane og Rogaland.

Tildelinga omfattar 26,7 millionar til ti større forskingsprosjekt i næringsliv og kommunal sektor, fem millionar til eit forskarprosjekt som skal bidra til auka forståing av grunnleggande drivkrefter bak og hinder for regional innovasjon og utvikling, og kvalifiseringsstøtte på 4,9 millionar til vidareutvikling av elleve prosjekt som er i startblokkane. 

Den halve millionen Woodinvest AS får er kvalifiseringsstøtte.

- Dette er ei ordning vi har hatt sidan fondet vart oppretta i 2010, for å bidra til at flest mogleg bedrifter og kommunar på Vestlandet skal kunne ta i bruk forsking som middel til innovasjon og utvikling. Interessa har vore overveldande; mange ser kvalifiseringsstøtta som ein kjærkomen moglegheit til å omsette gode idear og viktige problemstillingar til konkrete forskingsprosjekt, seier Solveig Ege Tengesdal, fylkesordførar i Rogaland og styreleiar for RFF Vestlandet i pressemeldinga.

Til toppen