MARKERT SEG NASJONALT OG INTERNASJONALT: – Hilde Bjørkum har meistra alle sider ved det å drive ein festival, frå planlegging og etablering til drift og utvikling. Det er ikkje mange leiarar av norske kulturinstitusjonar som kan vise til slike resultat. Bjørkum har heile tida satsa på kvalitet. Målet har vore å utvikle ein sjangerfestival med tydeleg profil. Å skape ein festival for dei musikalsk nysgjerrige, går det fram i grunngjevinga for fylkeskulturprisen 2015. Foto: Førde internasjonale folkemusikkfestival

Får fylkeskulturprisen 2015

Sidan starten av Førde internasjonale folkemusikkfestival har Hilde Bjørkum bygd ein av dei sterkaste kulturmerkevarene i fylket i dag. 8. desember blir fylkeskulturprisen for 2015 delt ut. 

– Det er utruleg hyggeleg at Bjørkum med si breie og gode kompetanse både på musikk og som arrangør får fylkeskulturprisen, seier hovudutvalsleiar Karen Marie Hjelmeseter i ei pressemelding frå Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Det var hovudutval for næring og kultur som samrøystes tildelte prisen i møte 24. november.

Målbevisst i meir enn 25 år

– Ho har gjennom meir enn 25 år jobba målretta og vore kvalitetsbevisst, og satt denne typen kulturtilbod på kartet ikkje berre i fylket,  men i heile landet og også internasjonalt. Førdefestivalen er blitt ein internasjonalt anerkjent festival som vi er stolte av.

Prisen er ein diplom og ein sum på 50 000 kroner som vert delt ut på fylkestinget, 8. desember 2015.

Stod mellom 23 stykk

Det kom i år inn 23 framlegg til kven som burde få prisen. Etter ei grundig vurdering samla nemnda seg om 3 forslag som vart lagt fram for hovudutvalet, desse tre var Hilde Bjørkum, Torkil Sandsund og Miriam Prestøy Lie, og Kristin Sønnerheim, Finn Loftesnes og Sogn og Fjordane Turlag v/Barnas turlag, Sogn og Fjordane. Nemnda har i si vurdering lagt vekt på engasjement, kvalitet, nyskaping og tilrettelegging.

Til toppen