NYTT STYRE: Det nye styret består av Anne Sofie Aalen, Oddrun Fredheim, Kari Sofie Vee, ny leiar Patricia Seglem Lægreid og Solfrid Jørgensen. Nestleiar Astrid Bruheim var ikkje tilstades då biletet vart tatt. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
NYTT STYRE: Det nye styret består av Anne Sofie Aalen, Oddrun Fredheim, Kari Sofie Vee, ny leiar Patricia Seglem Lægreid og Solfrid Jørgensen. Nestleiar Astrid Bruheim var ikkje tilstades då biletet vart tatt. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Får gode tilbakemeldingar på besøkstenesta

Det seier Patricia Seglem Lægreid som måndag vart valt som ny leiar då Årdal Røde Kors hadde årsmøte.

Årdal: I Årdal er besøkstenesta den viktigaste oppgåva til Årdal Røde Kors, fortel Lægreid. Denne tenesta har dei hatt i fire år.

– Då besøker me stort sett einslege eldre anten på sjukeheimen eller i heimen deira dersom det er eit ønskje, seier den nyvalde leiaren til Porten.no.

På Årdalstangen er dei 12 pasientvener, medan i Øvre Årdal er dei 20, og Lægreid oppmodar alle som har lyst til å vere med i denne tenesta.

– Det me synest er rart er når me tek kontakt med heimesjukepleien og dei har fortalt pasientar at dei har moglegheit for besøksteneste, så er det ikkje respons. Det får ikkje me til å rima når me veit det er så mange einslege eldre, held ho fram og ber desse om å ta kontakt dersom dei vil ha besøk.

Gode tilbakemeldingar

Vanlegvis er det snakk om å slå av ein prat, drikke kaffi, gå ein liten tur eller kanskje ta seg ein biltur ein til to timar i veka. 

– Tilbakemeldingane frå dei som nyttar oss har vore heilt fantastiske. Eg har vore så heldig å få besøke ein heim, og der er eg blitt eit slags mellomledd mellom familie og den gamle sidan familien bur andre plassar. Eg er veldig nøgd, og det gir også uttrykk for at dei er det, seier ho.

Elles på årsmøtet vart det valt eit nytt styre. Lægreid tek som nemnt over som leiar etter Aud Øren og får med Kari Sofie Vee som kasserar og Astrid Bruheim som nestleiar, og elles Anne Sofie Aalen, Oddrun Fredheim og Solfrid Jørgensen. 

Mykje aktivitet

Her gjekk dei gjennom årsmeldinga for 2015, som mellom anna fortalte at dei hadde fleire tilstelningar, som at dei song jula ut på sjukeheimane på Årdalstangen og i Seimsdalen og ÅBO. I mai og juni hadde dei ein såkalla vårtrall på institusjonane.

– Under Fjord til fjell-dagane hadde me stand på Årdalstangen. Me orienterte om besøkstenesta og prøvde å verve nye pasientvener. Fleire me snakka med, kunne tenkje seg dette, men dei ville vente til dei var slutta i arbeid, står det i årsmeldinga.

I desember deltok dei på julefest for asylsøkjarar i kyrkjelydsalen i Farnes kyrkje saman med Hero og vaksenopplæringa. Her handla dei tilsette ved mottaket inn gåver til barna, finansiert gjennom Gjensidigestiftelsens Fond og Røde Kors lokalt.

I månaden før arrangerte Røde Kors også julemesse saman med Nedre Årdal kyrkjering, der dei økonomisk tente meir enn året før. Rekneskapen for 2015 viste eit overskot på 24 757 kroner. 

– Bli synlegare

For inneverande år er målet framleis å auke medlemstalet og bli flinkare til å synleggjere arbeidet og innsatsen dei legg ned. 

– Me skal halde fram med tilstelningar og underhaldning ved institusjonane i Årdal og med juletreff saman med Hero. I samarbeid med omsorgstenesta skal me jobba vidare med besøk heime hjå folk som ønskjer det. 

Til toppen