Vik: Brannmannskapet som jobbar med å sløkka brannen i på Feios er på veg opp i terrenget, opplyser alarmsentralen til Porten.no.
Ifølgje Sogn Avis, som var dei første på saka, fekk Alarmsentralen melding om brannen klokka 14.27 fredag ettermiddag.
Terrenget er særs bratt, noko som gjorde det er vanskeleg å koma til med mannskap og utstyr. Det er ingen bustadar i nærleiken, ifølgje alarmsentralen.

– Det siste me fekk frå brannmannskapet er at dei har slutta å droppa vatn frå helikopteret, og skal opp i fjellsida for å ha manuelt søk i området for å sjå korleis det ser ut, seier lagleiar ved alarmsentralen til Porten.no.
Alarmsentralen opplyser at helikopteret skal vidare sørover klokka 19:00:
– Dei er nøgde med det helikopteret har utretta, men må opp for å sjå om det har kome nok vatn.
Eit helikopter frå Airlift hjelper lokale brannfolk frå Vik og Leikanger i sløkkinga, skreiv NRK.
Har du tips eller bilete frå hendinga? Send på e-post til tips@porten.no.