AVSLAG: NVE gir ikkje Norsk Vannkraft løyve til å byggje Kinsedal kraftverk og Kveken kraftverk i Luster kommune. Foto: Utbyggar.
AVSLAG: NVE gir ikkje Norsk Vannkraft løyve til å byggje Kinsedal kraftverk og Kveken kraftverk i Luster kommune. Foto: Utbyggar.

Får ikkje byggje kraftverk

NVE seier nei til at Norsk Vannkraft får byggje ut Kinsedal kraftverk og Kveken kraftverk.

Luster: Begge kraftverka ligg i Luster kommune. NVE grunngir avslaget med at ei utbyggjing vil få store negative konsekvensar for biologisk mangfald.

Kinsedal kraftverk var planlagt med ein forventa årleg produksjon på 15,45 GWh, og Kveken kraftverk med årleg produksjon på 16,5 GWh.

– Grunngjevinga for avslaget er at kraftverka vil røre ved meir enn fire kilometer av en samanhengande bekkekløft vurdert som svært viktig, fosse-eng vurdert som viktig og fleire raudlisteartar. NVE kan ikkje sjå at det finst realistiske avbøtande tiltak som reduserer ulempene for desse naturtypane og vasstilknytta rødlisteartar i tilstrekkeleg grad. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har fremja motsegn til prosjekta grunna konflikt med nasjonale naturverdiar, skriv NVE og held fram:

– NVE meiner dei negative verknadene er større enn nytten av tiltaka, og gjev difor ikkje løyve til bygging av Kinsedal kraftverk og Kveken kraftverk.

Dette er Elisabeth Dale i Forum for natur og friluftsliv glad for. I ein e-post skriv ho følgjande til Porten.no:

– Offerdalshalvøya vil også i framtida ha fleire inntakte vassdrag. No ventar me på avgjerda om Nundøla som ligg hjå Olje- og energidepartementet. Det er ikkje mange større inngrepsfrie område att frå fjord til fjell, så dette var gledeleg.

Til toppen