Får ikkje millionane dei hadde håpa på

Får ikkje millionane dei hadde håpa på

Finansminister Siv Jensen set ikkje ned kapitaliseringsrenta frå 2017, trass fleirtal for renteendring på Stortinget under handsaminga av Statsbudsjettet.

Finansministeren har i brev 13. desember 2016 til Stortinget sin presidentskap sagt nei til å endra kapitaliseringsrenta for kraftanlegg før årsskiftet. Det inneber at 175 kommunar vil få reduserte egiedomsskatteinntekter med til saman nær 400 millionar kroner i 2017 samanlikna med 2016. 

Les også: Kommunane deira kan få 17-18 millionar ekstra til 2017-budsjettet

Les også: – Kommunane leikar ikkje butikk

«Kommunane er svært skuffa over svaret. Når finansministeren viser til at det "ikke kan forventes at vurderingen vil kunne presenteres for Stortinget allerede i denne høstsesjonen" må det påpeikast at Stortinget allereie i budsjettet for 2013 påla regjeringa å vurdera renta i "forbindelse med de årlige budsjettprosessene"», skriv Landssamanslutninga av Vasskraftkommunar (LVK) på sine facebooksider.  

«Finansdepartementet si unnlating av å gjera dette kan ikkje brukast som grunngjeving for at tida no er for knapp. Vurderinga skulle ha vore føreteke før budsjettframlegget 6. oktober», skriv LVK vidare.

Til toppen