Viktig møte: Torsdag blir det avgjort om Høgskulen i Sogn og Fjordane fusjonerer med høgskulane i Bergen og Stord/Haugesund
Viktig møte: Torsdag blir det avgjort om Høgskulen i Sogn og Fjordane fusjonerer med høgskulane i Bergen og Stord/Haugesund

Får inn ekstern prosessleiar

Krisemøte førde til at Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane får betre utgangspunkt i fusjonsforhandlingane 

– Det var eit konstruktivt og bra møte, der me blei samde om at me skal ha reelle forhandlingar mellom likeverdige partar, seier administrerande direktør i Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane (SISOF), Randi Marie Sjøholt til Sogn Avis.

Frykta å bli overkøyrde

Torsdag skal styret ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) avgjera om dei fusjonerer med høgskulane i Bergen og Stord/Haugesund. Det vart stor uro inn mot det svært viktige møtet i høgskulestyret grunna usemje mellom studentsamskipnadane i Sogn og Fjordane og Bergen. SISOF frykta å bli overkøyrde i tingingane med storebror i vestlandshovudstaden fordi Studentsamskipnaden i Bergen ikkje ville forhandla om fordeling av makt og mynde før etter fusjonen eventuelt vart ein realitet.

Høgskulerektor Rasmus Stokke uttalte til Porten tysdag at dei ønskja Kunnskapsdepartementet ville gje ein form for dispensasjon så Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane kunne halda fram som eiga eining. Alternativet var å få ein garanti frå Departementet om at samskipnadane i Sogn og Fjordane og Bergen stiller som likeverdige partar i forhandlingane dersom dei skal bli slegne i hop. Og resultatet av krisemøtet onsdag vart det siste: 

– Me blei samde om at me skal ha reelle forhandlingar mellom likeverdige partar, det skal inn ein ekstern prosessleiar og rektorane får ansvar for å følgja opp prosessane, seier Sjøholt til avisa.

Porten følgjer fusjonsmøtet i høgskulestyret torsdag. 

Til toppen