Sogndal: Sogn opplæringskontor vart etablert i Årdal i 2011 som eit bindeledd mellom lærlingane og industriverksemdene i kommunen.
På få har det vakse seg utover kommunegrensene, og i januar etablerte dei kontor i Sogndal.
– Me har mange lærlingar på denne sida av fjorden òg, og no veit medlemmsbedriftene i Sogndal, Leikanger, Kaupanger og Gaupne, at dei har ein person lett tilgjengeleg her, seier Camilla Lerum Bondevik, kvinna som fekk jobben då kontoret i Sogndal skulle opprettast.
Sogn opplæringskontor har ansvar for i underkant av 200 lærlingar. Før Bondevik byrja i jobben, var dei fordelte på to personar.
- Les òg: Stort treff i Sogndal: – Heldig som har fått lærlingplass
- Les òg: Her konkurrerar elevane om kven som er best i yrkesfag
Jobbar for å få fleire lærlingar
Jobben hennar er å sørga for at vegen fram til fagprøva går så lett som mogleg, både for lærlingane og medlemsbedriftene.
Ho har òg ansvar for å rekruttera fleire til yrkesfaga. Ein NHO-studie i januar viste at seks av ti norske bedrifter heller vil ha folk med fagbrev, enn masterutdanning.
Likevel er det ikkje nok elevar som ønskjer å gå den retninga på vidaregåande.
– Me prøver å få fleire lærlingar, absolutt, for det er det behov for, seier Bondevik.
Ho har tett kontakt med skulane, reiser jamnleg på besøk til dei og snakkar med elevane om kva sjansar som kan opna seg opp for dei, om dei tek ei fagutdanning.
– Folk veit ofte ikkje kva dei skal bli. Då er det lett å velja studiespesialiserande. Men det er så mange moglegheiter viss du blir lærling, seier Bondevik.
Gira på å gjera ein innsats
Ho har bachelor i management frå BI, ho har jobba med marknadsføring i Lerum, med innkjøp på Lærdal sjukehus, og med økonomi i eitt år i Sogndal Fotball.
Men den mest relevante erfaringa fekk ho i den faste sommarjobben.
– Eg har hatt sommarjobb på golvet i Lerum i alle år, på forskjellige plassar på fabrikken. Det har nok gitt meg mest forståing for kva det vil seia å vera lærling, seier ho.
Det er mykje nytt å setta seg inn i når du er fersk, og masse nye folk å bli kjent med. Men det er er berre to ekstra grunnar til at ho trivst i den nye jobben.
– Eg synst det er kjekt å jobba med menneske, møta og prata med folk. Til fleire eg møter, og til meir eg kjem inn i systemet, desto meir gira blir eg. Eg skulle gjerne ha vore lærling sjølv, eg. Det verkar så kjekt, seier Bondevik.