KRITIKK: Årdal kommune sine rutinar og internkontroll får kritikk hjå Fylkesmannen i forsvinningssaka, der ein 37 år gamal psykisk utviklingshemma mann kom bort frå turfølgjet sitt i mai. Melås Helse skal no vurderast av Statens helsetilsyn. Foto: Halvor Farsund Storvik/Privat.
KRITIKK: Årdal kommune sine rutinar og internkontroll får kritikk hjå Fylkesmannen i forsvinningssaka, der ein 37 år gamal psykisk utviklingshemma mann kom bort frå turfølgjet sitt i mai. Melås Helse skal no vurderast av Statens helsetilsyn. Foto: Halvor Farsund Storvik/Privat. (Foto: Halvor Farsund Storvik/Privat)

Får kritikk etter forsvinningssak

Årdal kommune og Melås Helse får kritikk frå Fylkesmannen etter at ein psykisk utviklingshemma kom vekk frå turfølgje og forsvann i Sogndal.

Årdal/Sogndal: I tilsynssaka som Fylkesmannen opna i mai, same månad som mannen forsvann, ville Fylkesmannen vurdere om tenestene mannen fekk var forsvarlege etter helse- og omsorgstenestelova. 

Her har ein konkludert med at Årdal ikkje sikra at vedkommande fekk forsvarlege helse- og omsorgsteneste frå Melås Helse gjennom rutinar og internkontroll. Det er berre i saka med Årdal kommune ein har konkludert og vurdert.

Når det gjeld Melås Helse, meiner Fylkesmannen svikten er av ein slik karakter at saka vert sendt vidare til Statens helsetilsyn. 

– Vertskommunen har framleis ansvar

– Me ser det er ein del kommunar, som ikkje klarar å levere tenester ein person treng, som nyttar seg av private aktørar til å gjere den jobben. Det som er viktig å få fram her, og det gjeld ikkje berre Årdal, er at vertskommunen framleis har eit ansvar for å sikre at desse personane får forsvarlege tenester, seier Linda Svori hjå Fylkesmannen.

– Her konkluderer me med at Årdal ikkje har hatt gode nok rutinar. No ber me kommunen kome med ei tilbakemelding innan 1. februar, der dei gjer greie for korleis dei vil sikre at tenestene vert levert i framtida. Me håpar også at dette er ein lærdom for andre kommunar som anten brukar, eller vurderer å ta i bruk, pruvate aktørar. 

Det var i mai at mannen forsvann frå turfølgjet sitt ved Haukåsen i Sogndal. Årdal er heimkommunen til mannen. Det vart gjort søk etter mannen utover sommaren utan hell. I september vert etterforskinga avslutta. 

Tek kritikken på alvor

Olve Fossedal i Årdal kommune seier dei tek kritikken på alvor.

– Me har hatt runde internt hjå oss med medarbeidarane som driv med dette, og me er i gang med å endre rutinane, seier han.

– Det er ingen grunn til å tenkje at tenestene har vore for dårleg, men det er vår oppfølgjing med korleis tenesta har blitt fulgt opp som ikkje er tilfredsstillande. Me har internkontroll hjå oss sjølve, og då må me også kunne få det til rundt korleis me følgjer opp ein leverandør.

«Pregar dei tilsette»

Per Steinar Melås i Melås Helse vil ikkje kommentere saka i media. I staden har selskapet sendt ut ei pressemelding, der han seier følgjande. 

«Me har motteke ein rapport der det kjem fram at saka vert vidaresendt til Helsetilsynet for vidare handsaming. Saka er unnateke offentlegheit og er under handsaming. Me kan på bakgrunn av dette ikkje kommentere saka. 

Me ynskjer å uttrykke sterk medkjensle med familien i ein særs vanskeleg og tung situasjon. Denne ulykka pregar også våre tilsette og det er ein vanskeleg situasjon for alle involverte.»

Til toppen