FÅR KRITIKK: Harald Sægrov i Rådgivende Biologer får kritikk for forskingsarbeidet han har gjort på Årdøla og Utla. Det er Årdal Jeger og Fiskerforening som er kritisk. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
FÅR KRITIKK: Harald Sægrov i Rådgivende Biologer får kritikk for forskingsarbeidet han har gjort på Årdøla og Utla. Det er Årdal Jeger og Fiskerforening som er kritisk. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Får kritikk for fiskerapport for Årdøla

Flytting av utløpet frå Tyin kraftstasjon til Årdalsvatnet har hatt liten effekt på fisken i Årdalsvassdraget. 

Årdal: Det var hovudkonklusjonen til rapporten som Harald Sægrov i Rådgivende Biologer presenterte på eit informasjonsmøte på verket i Årdal før helga. 

Ikkje overraskande, er reaksjonen frå Vidar Moen, leiar i Årdal Jeger og Fiskerforbund. Han meiner flyttinga heilt klart har ført til nedgang i talet på fisk i Utla og Årdøla. 

– Det er vel ikkje mange rapportar frå den kanten som fortel at det er negativ påverknad. Slik er det i vassdrag etter vassdrag dei forskar på, seier Moen, som tidlegare i år ønskte seg eit nytt syn på elvane i Årdal.

– Habitat er ikkje undersøkt. Det som bekymrar meg er at det er laga ei handbok som NINA og Miljødirektoratet har vore med på, og den bles han litt av og bagatelisera og ser ikkje nytten av. Det bekymrar meg i og med at landets fremste biologar, som faktisk jobbar med restaurering av vassdrag, har vore med å lage boka, legg han til.

KRITISK: Leiar i ÅJFF, Vidar Moen, er kritisk til rapportane som vert lagt fram. Arkiv
KRITISK: Leiar i ÅJFF, Vidar Moen, er kritisk til rapportane som vert lagt fram. Arkiv

Lokal negativ effekt

Flyttinga av utløpet i 2005 førte til mindre vassføring i Årdøla, som renn frå der Tya og Utla møtest ved HMR Hydeq og ned til Årdalsvatnet. Samstundes vert det slept ut varmt prosessvatn frå verket, noko som kan gi temperaturforskjellar på mellom 2 og 25 grader i løpet av eit døgn i Tya.

Likevel lever det fisk der, syner rapporten til Rådgivende Biologer. Rett nedanfor utsleppet var det ingen fisk, men frå 30 meter og vidare levde det fisk. Det vart også funne to døde fiskar, som svært sannsynleg døydde av for høg temperatur.

– Når det gjeld utslepp av varmt prosessvatn, fortel rapporten ingenting om konekvensane for utvikling av rogna. Han tek heller med seg det nedste utsleppet ved den vidaregåande skulen som eit bidrag for auka temperatur. Kva konsekvensar dette har for yngelen som vert fødd for tidleg, kunne ikkje Sægrov svare på.

Trygg på eige arbeid

Leiaren i ÅJFF meiner dette har hatt konsekvensar for nedgangen i fiskebestanden, men Sægrov seier dette er tendensen i heile fylket i same tidsperiode.

– Kven skal ein støtte seg mest på i slike saker? Ein som har fiska her heile livet eller ein forskar?

– Dette er eit spørsmål som dukkar opp veldig mange plassar. Det har eg forståing for. Har du vakse opp ein plass og drive med fiske, har du ei formeining om korleis ting heng saman. Me brukar heilt andre metodar å angripe problemstillinga på, innleiar Sægrov, som er heilt klar over mangelen på tillit.

– Me følgjer det same overvakingsprogrammet som skjer i andre vassdrag, der det er andre forskarar. Det me gjer i Årdøla, er grundigare enn dei fleste andre forskingsinstitusjonar ved at me aldersbestemmer ungfisken og kan følgje årsklassa.

– Turbiditet har skulda

Sægrov peikar heller på turbiditet, altså kor klart vatnet er, som den viktigaste flaskehalsen til fiskeproduksjonen i elva. Om sommaren er vatnet i elva så uklart at fisken ikkje ser maten.

– Den faktoren er ikkje med i handboka. Det er problemet. Ho er god på fysiske skildringar, men koplinga mellom det fysiske miljøet og biologien er svak. Det er det eg seier til Moen, og det står eg på. Andre forskarar gir andre svar, og forvaltinga synest det er fantastisk, så der er eg kanskje litt åleine. 

Gyteplassar

Med hjelp frå UNI Research har ÅJFF rapportar som viser at restaurering er vegen å gå. Dei meiner ein burde sjå meir på levevilkåra til fisken, som gyteforhold, habitat, vassføring og temperatur. 

– Me har tilbydd å få med andre til å gjera undersøkingar i vassdraget. Det vert avvist. I Hæreidselva har det ikkje vore gyting etter 2004 med unntak av då dei grov for vatn til Norsun og Hydro. Då vart det røska opp i elva. Elles er botnen steinhard, seier Moen.

– Me driv ned heile elva og har undersøkt mange gyteplassar rundtom, både for laks og sjøaure, så det ser eg på som ei irrelevant problemstilling for at det skal vere noko begrensing. For meg er det noko eg ikkje bryr meg med fordi det har ikkje noko betydning, men eg ser at det burde eg absolutt skildre på ein betre måte. Det er for dårleg, den er eg med på, svarar Sægrov.

Moen forklarar til slutt kvifor det er så viktig for ÅJFF.

– Me har eit ansvar overfor grunneigarar og medlemmar som har forventningar til oss, og som me har forpliktingar til. Me kan ikkje sitte med hendene i fanget og sjå på at fangst- og gytetellinga går nedover i vårt vassdrag og opp i nabovassdrag. Dersom ein klarar å få elva tilbake til gode, gamle dagar, kan det vere med som eit bidrag til å gjere Årdal til eit reisemål. 

Til toppen