NYE BRIKKER: Støtteapparatet til kaupangerdamene med hovudtrenar Øystein Lindesteg Rinde i spissen har fått nye ressursar i rekkjene. Arkivfoto
NYE BRIKKER: Støtteapparatet til kaupangerdamene med hovudtrenar Øystein Lindesteg Rinde i spissen har fått nye ressursar i rekkjene. Arkivfoto

Får med seg Kaldestad og Hjellhaug

Sebastian Kaldestad med bakgrunn frå Sogndal Fotball blir spelarutviklar for kaupangerdamene, medan Roger Hjellhaug får ei trenarrolle.

SPELARUTVIKLAR: Sebastin Kaldestad er tilsett som ny spelarutviklar i Kaupanger.
SPELARUTVIKLAR: Sebastin Kaldestad er tilsett som ny spelarutviklar i Kaupanger.

Kaupanger: Sebastian Kaldestad er tilsett som ny spelarutviklar i Kaupanger, melder haugenfotball.no

Han har lang erfaring frå Sogndal Fotball og ulike trenarverv i NFF Sogn og Fjordane. 

Hovudtrenar Øystein Lindesteg Rinde får også med seg tidligare Fjøra- og Kaupangerspelaren Roger Hjellhaug som 1. lagstenar. Hjellhaug skal i tillegg ha ansvar for Sogn sitt sonelag i klasse J14. 

Kaupanger serieopnar denne sesongen med bortekamp mot Fana, medan fyrste heimekamp er mot Sandviken 2.

Til toppen