UNNTAK: Firda Seafood har fått utsetjing av kravet om å ta ned produksjonen med seks prosent.
UNNTAK: Firda Seafood har fått utsetjing av kravet om å ta ned produksjonen med seks prosent. (Foto: Vilde Grimelid Oppedal/arkivfoto)

Får mellombels unntak frå krav om å redusere mengda fisk i merdane

Firda Seafood har fått løyve til å vente fram til desember med å redusere mengda fisk i merdane, slik resten av produsentane i same produksjonsområde må gjere frå august.

Gulen: Frå 5. august måtte alle oppdrettarar i området som vert kalla produksjonsområde 4 (PO4) mellom blant anna Nordhordland og Stad ta ned produksjonen med seks prosent. Årsaka er at dei hamna i «raud sone» då Nærings- og fiskeridepartementet innførte det nye trafikklyssystemet for næringa i februar. 

No har Firda Seafood fått mellombels unntak frå å ta ned mengda fisk i merdane fram til 8. desember, skriv E24

Grunngjevinga for unntaket er ein vanskeleg marknadssituasjon for aureoppdrettarar. 

NØGD: Ola Braanaas i Firda Seafood seier til E24 at dersom dei ikkje hadde fått mellombels unntak frå reduksjonskravet, måtte verksemda destruert store mengder fisk. Foto: Rune Fossum/NRK

Då trafikklyssystemet tredde i kraft, sa oppdrettar Ola Braanaas i Firda Seafood frå om at han ikkje kom til å klare reduksjonskravet. Årsaka til dette er ifølgje Braanaas ein vanskeleg marknadssituajon for aure etter at den viktigaste marknaden Russland vart stengd i januar, samstundes som koronapandemien braut ut ikkje lenge etterpå. 

Ifølgje Braanaas har han selt det marknaden kan ta unna innafor prisen av produksjonskost, men det er likevel ikkje nok til å nå reduksjonskravet. Han søkte difor Fiskeridirektoratet om å mellombels overskride volumgrensa.

SV-politikar kritisk

Braanaas fekk avslag hos direktoratet, men anka til Nærings- og fiskeridepartementet som har godkjent eit mellombels unntak.

– Eg set pris på forståinga for situasjonen vi er i, seier Braanaas til E24.

Medlem av næringskomiteen på Stortinget for SV, Torgeir Knag Fylkesnes, seier til E24 at han er kritisk til at Firda Seafood får unntak. Han meiner det undergrev det nye trafikklyssystemet. 

– Viss trafikklyssystemet skal ha nokon som helst slags verdi, så må det etterlevast. Denne typen unntak gjer at det sklir ut og reglane vert redusert til eit grunnlag for søknad om dispensasjon, seier Fylkesnes, som meiner trafikklyssystemet utelukkande bør forhalde seg til tåleevna til naturen. 

Til toppen