OPPSTARTMØTE: Deltakarane på oppstarmøtet på Gardermoen 8. juni. Pressefoto
OPPSTARTMØTE: Deltakarane på oppstarmøtet på Gardermoen 8. juni. Pressefoto

Får midlar til nasjonal satsing på hydrogen

Fylkeskommunane Sogn og Fjordane og Akershus har saman med Norsk Hydrogenforum teke initiativ til eit fylkeskommunalt hydrogennettverk og får no 100 000 kr frå Miljødirektoratet til å starte arbeidet.

Dei fire fylkeskommunane på Vestlandet står bak søknaden om midlar, men nettverket skal vere for alle fylkeskommunane i landet. Torsdag 8. juni var deltakarane samla på Gardermoen til oppstartsmøte. Der møtte representantar frå åtte fylkeskommunar, og fem fleire har meldt si interesse for å delta vidare, står det i ei pressemelding frå Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Les også: Ser på moglegheitene for både biogass- og hydrogenanlegg

Skal styrke samarbeid og bygge kompetanse

Prosjektleiar Elisabet Kjerstad Bøe i Hydrogen Region Sogn og Fjordane tok initiativ til nettverket og er svært glad for både pengar og oppslutnad frå dei andre fylkeskommunane.  

– Målet med nettverket er å styrke samarbeidet, til dømes om innkjøp av kollektivtenester og etablering av infrastruktur, samt å bygge kompetanse i fylkeskommunane som deltek i nettverket. Vi ønskjer å koordinere offentlege regionale aktørar som kan bidra til utvikling av hydrogenbaserte verdikjeder, seier Bøe.

Etterspurnaden etter hydrogen som energiberar vil truleg auke i åra framover, sidan det kan redusere behovet for fossil energi, til dømes innanfor transport og industri. Hydrogen kan spele ei sentral rolle i dei lokale verdikjedene, men òg som ei etterspurt eksportvare i åra som kjem.

Til toppen