Sogndal: I ei pressemelding opplyser Sparebanken Sogn og Fjordane at dei starta kronerullinga til det nye senteret for to år sidan, og bidrog då med to millionar kroner. No får senteret endå ein million frå banken si eigarstifting.
– Det at dei no gir ytterlegare ein million kroner betyr ekstremt mykje for oss, seier påtroppande dagleg leiar for ViteMeir, Erlend Fardal Lunde.
Skal ikkje spara på plass eller opplevingar
Pengane skal gå til installasjonar på senteret.
– Me skal fylla tre etasjar og 1200 kvardratmeter med installasjonar, innhald og opplevingar. Innhaldet på ViteMeir skal vera i ypperste klasse og ikkje stå tilbake for nokon andre vitensenter, både pedagogisk og som opplevingssenter, seier Lunde.
Vidare fortel han at senteret skal bli eit heilt unikt tilbod for skulane, næringslivet og fritidsmarknaden i regionen. Dersom alt går etter planen opnar senteret hausten 2021.