HELD OPE: Skytebana i Øyridalen held ope også denne sesongen. Privat foto
HELD OPE: Skytebana i Øyridalen held ope også denne sesongen. Privat foto

Får nytta skytebana også denne sesongen

Forsvarsbygg har gått med på å utsetja nedstenging av skytebana i Øyridalen.

Lærdal: - Me fekk melding i vinter frå Forsvarsbygg om at bana skulle miljøkartleggjast og sanerast neste år slik at det ikkje vart høve for jegerskyting denne sesongen. Men no har me fått utsett dette, så det blir jegerskyting i år, seier Jarle Offerdal, leiar i Tønjum skyttarlag.

Som tidlegare omtalt vil skyttarlaget prøva å få bygd ny skytebane innanfor munningen til Raasdalen.

Les også: Har gryande planar om ny skytebane i Lærdal

Ein av grunnane er at Forsvaret, som har aktivitet i Øyridalen - der eksisterande skytebane ligg - ville stenga ned bana alt no. Men dette har løyst seg mellombels.

- Bana er freda i år, men korleis blir det sesongane etter?

- Me skal ha møte om dette med Forsvarsbygg seinare, og me vil prøva å få til framleis bruk på eksisterande bane. Men me veit ikkje korleis dette går enno, seier Offerdal.

Oppstart 23. mai

I år får i alle høve jegerar i Lærdal tilbod om jegerskyting; første ettermiddag med skyting blir 23. mai, og frå då av tysdagar og torsdagar fram til siste runde 10. august.

- Det blir eit opphald med ferie i løpet av denne perioden - folk lyt følgja med på informasjon me gir på oppslagsplakatar og annonsar, seier Offerdal.

Når det gjeld vidare arbeid med ny skytebane, skal skyttarlaget i møte med grunneigarane på førsommaren.

- Me har snakka med dei, men no er det midt i våronna, så me startar denne prosessen så snart me har fått skikkeleg dialog med grunneigarane.  Uansett tek det alltid lang tid å få på plass ei ny skytebane - slike prosessar tek fleire år, seier Offerdal.

Til toppen