TIL TOPPS: Sara Vie og Glenn Arne Vie kan begge kalle seg landsdelskrinsmeister etter stevnet i Ålfoten i helga. Foto: Privat.
TIL TOPPS: Sara Vie og Glenn Arne Vie kan begge kalle seg landsdelskrinsmeister etter stevnet i Ålfoten i helga. Foto: Privat.

Far og dotter vart meister

Heile fire skyttarar frå Farnes skyttarlag kan kalle seg landsdelskrinsmeister.

Årdal: Det var ikkje den store gjengen som deltok frå Farnes skyttarlag under landsdelskrinsstevne i Ålfoten i Bremanger denne helga, men dei hevda seg svært godt.

Heile fire frå Farnes skyttarlag gjekk til topps i sine klassar. 

– Eg synest det er fantastisk moro at Farnes gjer det så bra og er spesielt glad for at Sara lykkast. Det ligg masse trening bak eit sånt resultat. Det er ekstra spesielt at far og dotter blir landsdelskrinsmeister i samme mesterskap, seier far Vie.

Sara Vie vart nummer 1 og landsdelskrinsmeister i juniorklassen i felt. Glenn Arne Vie det same i klasse 3-5 i felt. Ludvig Indrebø blei nummer éin i bane og nummer to i felt i V73, og til slutt Lars Myklevold, som blei nummer éin i klasse 1 i felt.

Jens Terje Hammervoll vart nummer fire i same klasse som Vie, medan Svein Kåre Furre frå Leikanger tok 5. plassen.

Elles gjekk Vegard Solhaug frå Aurland til topps i baneskyting i klasse 3-5. Han har skote mykje bra hittil i sesongen med mellom anna ein 2. plass i seniorklassen i Lerum Cup. Han vart også nummer sju i Norgescupen i Oslo i mai. 

Sett vekk frå desse vart Magnus E. Bøthun frå Sogndal nummer ein og Stine Njøs Eikeland frå Leikanger nummer tre i klassen eldre rekrutt i feltskyting. 

Eskil Angelshaug Venes vart nummer to og Tor Kristian Dulsvik nummer tre i klassen rekrutt. På baneskytinga vart sogndalsskyttarane Vegard Eikevik og Magnus E. Bøthun nummer to og fire i klassen eldre rekrutt. Tor Kristian Dulsvik vart nummer fem i rekrutt.

HEVDA SEG: Frå venstre: Ludvig Indrebø, Glenn Arne Vie, Sara Vie og Steinar Røyrvik.
HEVDA SEG: Frå venstre: Ludvig Indrebø, Glenn Arne Vie, Sara Vie og Steinar Røyrvik.
Til toppen