Rydda:  Kulturminner tek seg betre ut når dei blir stelt litt med. Illustrasjonsfoto
Rydda: Kulturminner tek seg betre ut når dei blir stelt litt med. Illustrasjonsfoto

Får pengar for å rydda kulturminne

Ungdom kan tena 4000 kroner gjennom aksjonen "Rydd eit kulturminne".

Norsk Kulturarv inviterer igjen barn og ungdom under 18 år til å vere med på å rydde, skilte og leggje til rette kulturminne og kulturmiljø gjennom aksjonen Rydd eit kulturminne.

Pengar og premiar

Det er niande gongen stiftinga  Norsk Kulturarv gir støtte til skular, lag og foreiningar som vil stelle i stand lokale ryddeaksjonar. Sidan tusenårsskiftet har over 30.000 barn og ungdomar lagt ned over 250.000 dugnadstimar på aksjonane, og fleire stader har kulturminneryddinga vorte eit årleg dugnadsarrangement.

Sparebankstiftelsen DNB har i år gitt 500.000 kroner til aksjonen, og dei som får innvilga søknaden, får eit stipend på 4.000 kroner. I tillegg vankar det premiar på dei beste prosjekta.

Til toppen