Luster: Frå før er det skilt og sperringar ved Nigardsbreen i Luster kommune, men mange turistar vel likevel å kryssa desse og setje seg sjølv i fare. Og etter ei ulukke i fjor sommar, der ein person omkom etter å ha blitt treft av isblokker, vart det innført vakter ved breen.
I ein rapport publisert torsdag, opplyser Miljødirektoratet at dei gir 140.000 kroner til å halde fram vakttenesta og informasjonsarbeidet ved breen.
– Så lenge det var ein person som informerte og passa på, så var (det) ingen som passerte sperringane så vidt eg veit. Og det er jo det som er føremålet, sa Steinar Bruheim, dagleg leiar i Jostedalen Breførarlag til NRK, som først omtala saka.
Bruheim har leia mange turistar over breen, og opplyser til avisa at han meiner pengestønaden er positiv no som turisttrafikken berre vil auka frå no og fram mot sommaren.
– Mange går forbi sperringane og heilt inn til fronten på breen. Dei utsett seg sjølv for stor fare. Dei siste åra har vi hatt fleire dødsulukker her, sa han.