PENGAR: Gulen kommune får pengar til næringsfond av Vestland fylkeskommune.
PENGAR: Gulen kommune får pengar til næringsfond av Vestland fylkeskommune. (Foto: Vilde Grimelid Oppedal/arkivfoto)

Får pengar til næringsfond

Gulen kommune er éin av sju kommunar i tidlegare Sogn og Fjordane som får pengar til næringsfond av Vestland fylkeskommune. Pengane kan nyttast til koronadempande tiltak.

Gulen: Hovudutval for næring, naturressurser og innovasjon vedtok torsdag å løyve fire millionar kroner til næringsfond i sju kommunar, skriv Vestland fylkeskommune i ei pressemelding. 

Dei fire millionar kronene er øyremerka kommunane i Sogn og Fjordane som tidlegare var omfatta av ordninga og som ikkje er slegne saman med andre kommunar. 

Gulen kommune får 562 338 kroner av desse. Tilskotet inkluderer også 70 000 kroner som eit stimuleringstilskot for felles førstelineteneste med Masfjorden kommune.

Andre kommunar i Ytre Sogn som får pengar er Solund som får 391 143 kroner, og Hyllestad som får 426 748 kroner. 

Resten av pengane går til Fjaler, Askvoll, Gloppen og Stryn. 

Ordninga er for kommunar som har låge eller ingen inntekter frå kraftutbygging, såkalla konsesjonsavgift. Grensa for slik inntekt er to millionar kroner i året, og kommunar som har mindre inntekter enn dette, kan få fylkeskommunalt tilskot.

Fordi næringslivet slit i dei fleste kommunar i samband med koronaepidemien, vert det opna opp for at pengane, etter gitte føresetnader, kan brukast til koronadempande tiltak, skriv fylkeskommunen.

Til toppen